LESERINNLEGG

FrP prioriterar ferjedrifta, men ikkje Opera og bypakkar!

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp: Frank Sve.  Foto: Privat

Meninger

Kristin Sørheim prioriterar Opera, bypakkar og administrasjon og brukar 313,5 mill Kr i overskot i fylket, på alt anna enn ferjedrifta. Er det verkeleg mulig å vere så greinalaus?

Så klagar Sørheim og SP på staten, og reiste til Stortinget på ferjehøyring med budskapet at « fylkeskommunen var sveltefora», for å få nyheita nedover kragen om at Møre og Romsdal Fylkeskommune gjekk med 313,5 mill Kr i overskot.

Likevel prioriterar Kristin Sørheim og SP Opera i Kristiansund til 150 mill Kr, byutviklingsfond på 25 mill Kr, samt bypakkar til fleire hundre mill Kr, og samtidig kutta i ferjedrifta og legg ned vidaregåande skule.

Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristin Sørheim bør snart begynne å prioritere ferjedrifta i distrikta samt dei vidaregåande skulane, istaden for å klage på alt og alle andre

Så høyrer det med å fortelje, at det er SP som styrer her i fylket, med leiarane i alle hovudutvala.

Når har Sørheim tenkt å begynne å prioritere ferjedrifta her i fylket? Sine venner i Høgre, KrF og Venstre som Kristin Sørheim og SP skulle regjere i lag med, er plutseleg ikkje så viktige lenger.

Alt skulle bli så mykje betre med ny samferdselsminister sa Kristin Sørheim, og var SÅÅ glad då KrF og Hareide vart Samferdselsminister.

No er det brått FrP som er viktigast for Sørheim igjen. Kjekt det, men ingen har tiltru til SP lenger her i fylket, som kun er ute etter posisjonar og har gløymt innbyggjarane og næringslivet for lenge sidan.

Kvar dag kan fleirtalet her i fylket med SP og Sørheim i spissen «avlyse» diskusjonen ikring ferjedrifta,

Kristin Sørheim kan med eit pennestrøk kutte 150 mill Kr til Opera, og fleire hundre mill Kr til bypakkar, så har ein ferjepengar i søkk og kav.

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal