KRONIKK

Der fakta og sanning betyr lite eller ingenting

«Troll har alltid vore blant oss, riktignok utan nett», skriv Bernhard Riksfjord.  Foto: ERIK BIRKELAND

Meninger

Ytringsfriheten er ein menneskerett som må respekterast og takast i vare som ein solid berebjelke i eit demokrati.

Dette innlegget skulle i utgangspunktetet omhandle nokre synspunkt om den aukande og meiningslause «hetsinga» på sosiale medier, men velger ein svipp innom «føritia» også.

Troll har alltid vore blant oss, riktignok utan nett: På tross av demokrati og ønska toleranse, har vi gjennom år og mannsaldrer dessverre fått mange døme på uverdig menneskesyn og hatefulle ytringar. Desse «budbringararane» som vanligvis representer enkeltpersonar, parti og andre, har gjennom mange tidsperioder vist sin manglande empati om andre enn seg sjølv – og sine sympatisørar.

Frå før og under andre verdenskrig har vi fått dokumentert den systematiske uverdige propagandaen – og umenneskelige handlingane retta mot jødar som gruppe. Budbringarane med god hjelp av agitatorisk opprømte klakørar og sympatisørar, oppnådde heilt uforståelig stor støtte for sitt forkvakla syn. Hat, uverdig og løgnaktig menneskesyn vann dessverre fram, resultatet vart som kjent forferdelig, eller enda verre.

Det var busett omlag to tusen jødar i Noreg den gongen, det er færre enn det er innbyggarar i Smøla kommune, og langt færre enn det er innbyggarar på Gossen, i Aukra kommune.

På åtti- og nittitalet vart nye «grupper» utpeika som opphavet til feil og manglar. Der prektige «budbringarar» med svulstig patos, igjen såg lyset gjennom konspiratoriske mørke tankar og sinn – der verbale kraftfulle meiningar om «andre» vart formidla med høglytt utestemme. Eit eksempel : «Aleinemødre som med sin uansvarlige livsførsel, har berre seg sjølv å takke for at dei har kommet i denne situasjonen, dei får i dag alt for mykje hjelp frå det offentlige». Sitat slutt.

Budbringar, klakørane og sympatisørene var sjølvsagt fornøgd med sine absurde verbale budskap. Fornuften vann heldigvis over ufornuften.

No er vi «alle» digitale, eller blir det: På sosiale medier og plattformer er bruken stor. Der vert som kjent alt av innhold produsert og styrt av brukarane sjølv, og ikkje ein ansvarlig redaksjon, sosiale medier kjenner heller ingen grenser. Denne måten å kommunisere på var for tolv fjorten år sidan omtrent ukjent. No er vi blitt (stor)brukarar og formidlarar av forskjellige meiningar, kommentarar og synspunkt, anonymt eller «signert».

Dei aller fleste brukarane på sosiale medier er flotte, dyktige og aktverdige personar, med folkeskikk og rettferd i ryggmargen, gjerne med eit bankende godt hjerte, og ein normalisert tenkjande hjerne på toppen, i same kroppen. Fortsett slik.

Det skal sjølvsagt være fullt akseptabelt å være uenig, eller å ha andre meiningar om alle saker, og like sjølvsagt formidle sine argument og synspunkt. Men, eit viktig men, utan nødvendigvis å ta i bruk tarvelig språkbruk, uverdig og umenneskelige karakteristikker med personangrep og beskrivingar om andre. Ikkje fortsett slik.

Dessverre ser vi beklageligvis ein aukande tendens til ukritisk og umenneskelig spredning av hat, mistru og løgner gjennom innlegg og kommentarfelt. Der konspirasjonsteorier og falske nyheter (engelsk: fake news), vert publisert, kopiert, produsert og delt av «tastastaturgeriljaen». Der fakta og sanning betyr lite eller ingenting, mens mørke tankar og meiningar vert hamra ned på eit svartbrunt tastatur. Og fingrane dirrar antagelig etter bruk av Enter-tasten med «publiser».

Avslutningsvis, til dei som hevdar at dette må ein/dei berre finne seg i og «tåle», når «tastaturgeriljaen» igjen, og igjen setter inn sine uverdige personangrep. Slik vil og skal vi sjølvsagt ikkje ha det, eller akseptere. Dette kan den enkelte brukar gjere noko med, utan kostbar medisinsk bruk, eller krevjande langvarige kurar.

Bernhard Riksfjord

Tidlegare ordførar i Aukra

(Denne teksten vart først publisert på Facebook)