LESERINNLEGG

Ferjefiasko frå Høgre

VIL AUKE OVERFØRINGANE: «Sp og Ap vil foreslå auka overføring til kystfylka for å kunne ha eit godt ferjetilbod til forsvarlege prisar» skriv Per Vidar Kjølmoen og Kristin Sørheim i dette innlegget.  Foto: ERIK BIRKELAND

Meninger

Høgreregjeringa har ikkje lytta til ferjeopprøret. No er det Frp som må redde ferjene i Møre og Romsdal frå økonomisk forlis.

Dei siste åra har kostnadene til drift av ferjer auka brått, utan at tildelte midlar har halde følgje. Berre i Møre og Romsdal utgjer dette no om lag 200 millionar kroner. Kvart år.


Ferjefylkene skal dele 100 millioner kroner

Møre og Romsdal fylkeskommune håpet på en dugelig sum penger fra staten til de nye nullutslippsferjene. I regjeringens statsbudsjett ligger det 100 millioner kroner ekstra, til fordeling mellom alle ferjefylkene.


Dette er sjølvsagt dramatisk for fylkeskommunen sin økonomi, og det forklarer ferjeopprøret tidlegare i år. Høgreregjeringa ser diverre ikkje ut til å ha forstått alvoret.

I sitt framlegg til statsbudsjett gjev dei ikkje noko bidrag til å halde ferjetilbodet oppe eller ferjetakstane nede. Møre og Romsdal blir tildelt berre 14 millionar kroner for å finansiere meirutgiftene med miljøferjene – sjølv om kostnaden er nærmare 80 millionar kroner.

Sjølv om staten vil kompensere noko for nedgang i trafikk på grunn av korona, hjelp det ikkje på finansiering av den ordinære ferjedrifta.


Kristin Sørheim ventet mye mer penger til ferjedrifta i Møre og Romsdal

– De har ikke forstått alvoret i opprøret

– Regjeringen kan ikke ha forstått alvoret i ferjeopprøret langs kysten når de ikke dekker mer av ekstrakostnaden med miljøferjene. Nye ferjer koster oss 80 millioner kroner ekstra i året, staten gir oss 14 millioner kroner, sier leder av samferdselsutvalget Kristin Sørheim til Romsdals Budstikke.


Sp og Ap vil foreslå auka overføring til kystfylka for å kunne ha eit godt ferjetilbod til forsvarlege prisar. Det er avgjerande for det verdiskapande næringslivet og innbyggjarane våre, og særleg i ei tid kor koronapandemien gjev oss store utfordringar.

Frps Frank Sve er på vanleg vis ute for å skjønnmale situasjonen. Det skuldast nok aller mest at han er redd for at heller ikkje Frp vil prioritere ferjereisande når det kjem til stykket. For det er Frp som sit med nøkkelen no. Høgreregjeringa sitt framlegg til statsbudsjett har ikkje fleirtal utan Frp si støtte. Om Frp vil, kan dei løyse ferjeutfordringane i Møre og Romsdal no i haust

Til dømes kan dei bidra direkte økonomisk til å redusere prisen på ferjebilletten og/eller auke inntektsnøkkelen så Møre og Romsdal unngår ferjekutt.


Sve mener fylkespolitikerne har bestilt ferjer og ruter over evne

– Slutt med ferjesutringen

– Jeg er ikke med på sutringen om at vi får for lite penger til ferjene i Møre og Romsdal, sier Frps Frank Sve.


Frp må ta eit verdival på om dei vil gjere det, eller halde fram med å prioritere folk i sentrale strøk som allereie har mest frå før.

Per Vidar Kjølmoen, fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal (Ap)

Kristin Sørheim, leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal (Sp)

------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal