LESERINNLEGG

Konspirasjonar høyrer ingen plass heime i ein demokratisk prosess

Kjell Neergaard (t.v.) og Per Vidar Kjølmoen.  Foto: Erik Birkeland og Richard Nergaard

Meninger

I avisa den 30. september står det skrive at Ålesund Arbeidarparti mellom anna ynskjer å vrake fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen frå stortingslista. Eg, som styremedlem i Ålesund Ap, kan ikkje la dette gå forbi utan å klargjere kva som faktisk er sanninga.


Nominasjonsdrama i Ap:

Ålesund Ap i allianse med Kristiansund for å kaste fylkeslederen fra listetoppen

Ålesund Arbeiderparti forsøker sammen med Kristiansund Ap å danne en allianse for å kaste fylkesleder Per Vidar Kjølmoen fra førsteplassen på lista til stortingsvalget neste år. Slik skal de få Siv Katrin Ulla på andreplass. Nøkkelen har Kristiansund-ordfører Kjell Neergaard.


Denne konspirasjonen har ingen heimel i gyldige vedtak i Ålesund Ap og er reine påfunn frå einskilde personar. Ålesund Ap har ingen vedtak på å vrake Per Vidar Kjølmoen. Kjell Neergaard har aldri vore diskutert i styret i Ålesund Ap.

Det faktiske vedtaket fleirtalet i styret i Ålesund Ap har gjort, basert på innspel frå alle partilaga, er slik:

  • Ålesund Arbeidarparti sin førstekandidat skal ha 1. plassen på lista.
  • Siv Katrin Ulla skal stå først av Ålesund Arbeidarparti sine kandidatar.
  • Åse Kristin Ask Bakke skal vere blant dei fem første på lista.

LEDER MANDAG 28. SEPTEMBER

Postnummeret kan avgjøre valgkampen


Eg har ikkje mykje til overs for dårlege reality-seriar med alt det inneber av baksnakking, konspirasjonar og oppkonstruerte konfliktar, verken når dei går på fjernsynet eller om det skjer openlyst blant oss slik vi her er vitne til. Men eg vil vere tydeleg på dette; einskilde personar med dårleg skjulte agendaer pratar ikkje på vegne av Ålesund Ap.

Nominasjonar til Stortinget skal ikkje handle om postnummer, eller kven som kjenner kven. Det skal handle om å velje dei beste representantane, til det beste for både fylket og resten av landet. Det er ikkje noko min, eller din tur. Det nyttar ikkje å kome med sutring om kven som har hatt representant lengst eller kortast. Det er ein kultur og ei haldning ingen er tent med og som alle kommuneparti i fylket tvert bør gå vekk ifrå. Det er ein gong slik at vi er eitt fylke og at vi står i dette saman.


Nominasjonskampen i Ap

Ap-politiker fra Harøya forsøkt vraket av eget lokallag i Ålesund. Nå får hun støtte

Fagforbundet sin ungdomsavdeling går nå ut med støtte til Åse Kristin Ask Bakke fra Harøya i den pågående nominasjonskampen i Arbeiderpartiet i fylket.


Ålesund Ap har to gode kandidatar til stortingsvalet, og vi står fjellstøtt bak dei begge. Vi er privilegerte som har to, då er det minste vi kan gjere å løfte dei begge opp. Eg håpar vi framover kan halde oss til demokratisk fatta vedtak. Det inneber å bruke dei rette kanalane, stole på nominasjonskomiteen sitt arbeid og ha ein god og open prosess. Det er det som sikrar fylket dei beste kandidatane. Det er det som byggjer tillit. Det er det som er det rette å gjere.

Gjermund Kvernmo Langset

Styremedlem Ålesund Ap

------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal


TK: Sunnmøringer vil ha Kristiansund-ordfører på topp – ikke Kjølmoen

En gruppering av Ap-lag på Sunnmøre har tilbudt Kjell Neergaard førsteplassen på stortingslista mot at Nordmøre støtter Siv Katrin Ulla fra Ålesund på andreplassen, melder Tidens Krav.