LESERINNLEGG

Kven si stemme, er «én» stemme?

Kvar blir stemma høyrt, til eit stort fleirtal av befolkninga her i fylket som ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer?

Frps fylkesleder Frank Sve.  Foto: VIDAR MYKLEBUST

Meninger

Ja, kvar er denne stemma, når sjølvoppnevnte regionsråd utan mandat eller noko anna frå verken kommunestyra eller befolkninga hevdar at dei har «enerett på å kunne uttale seg» om Nasjonal transportplan.



Kven har NHO bak seg? Ivertfall ikkje transportnæringa eller folket her i fylket, og jaggu har eg snakka med mange i næringslivet som slett ikkje ynskjer ein svindyr Møreakse, som skal presse all transport gjennom djupe tunellar, 8 rundkøyringa og rett gjennom Molde by.

Heldigvis er turneen til Hareide meir som ein høfligheitsvisitt, og eg veit godt kven regjeringa skal forhandle Nasjonal transportplan med i Stortinget for å skaffe fleirtal.

Her har ivertfall Møre og Romsdal FrP og eg tenkt å forfekte stemma til eit stort fleirtal av befolkninga i heile fylket, og vi brukar å få det slik vi ynskjer i eige parti.

Nye veier AS skal definitivt få prosjektet Ålesund- Molde, og dermed blir alle muligheter opne igjen.

Eg har klokkertru på at Nye veier AS ikkje finn på å bygge noko så «greinalaust» dyrt og unødvendig fjordkryssingsalternativ som Møreaksen faktisk er, men velge fornuft og lytte til folket si vilje her i fylket.

Så RB:

- Er dokke ei avis for folket, eller forfekter dykk kun ordet til nokre sjølvoppnevnte eigenrådige talspersoner i regionråda eller i NHO?

Eg berre stiller spørsmålet.

For dykk har verkeleg «glimra med dykkar fråvær med solid styrke»

Å faktisk forfekte meininga til eit stort fleirtal her i fylket av befolkninga som ynskjer kryssing av Romsdalsfjorden ved Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal