LESERINNLEGG

La oss få ny reguleringsplan for Raudsand!

Bjørn Jacobsen (SV)  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Så flott Torgeir Dahl at du vil gå for at Molde kommune skal regulere det som skjer i Molde kommune. Også på Raudsand. Slik tolkar eg ditt siste innlegg der du skriv at ordføraren ikkje kan gjere dette aleine, men i lag med kommunestyret.



Molde SV vil støtte alle slike forslag også det frå Rødt. Korfor vi ikkje støtta dette i kommunestyret har eg forklart før, men vi kan på dette punktet gjere bot og bedring og stemme for.


LESERINNLEGG

«Norsk lov gjelder også for kommunestyret i Molde»

Ordfører Torgeir Dahl (H) svarer Bjørn Jacobsen (SV).


Det ville vore fint om du som ordførar tek tak, og med utgangspunkt i forslaget frå Rødt lagar eit forslag vi alle kan gå for? Så slepp vi lovkontroll hos Fylkesmannen og vi slepp mitt forslag, som ble vedtatt, om at alt om Raudsand skal til all muleg behandling. Vi får starte opp å diskutere politikk og ikkje så mykje juss.



Dette vil føre til at vi får ein heilt vanleg prosess og ein reguleringsplan vi kan styre etter. Og uansett kva resultatet av prosessen blir, vil reguleringsplanen bli allment akseptert, fordi han er laga av tilsette, folket i høyring og politikarar i Molde kommune.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal