LESERINNLEGG

Fritt skuleval – for kven?

Meninger

Utdanningsforbundet har følgt debatten om konsekvensar av fritt skuleval med interesse.

Denne inntaksmodellen har vore praktisert i vårt fylke dei siste 20 åra og det var spesielt høgresida av fylkespolitikarane som ivra for denne modellen. Argumentasjonen var at dette var ein fridom som var svært viktig for ungdom å få. Det ein innførte var ein karakterbasert inntaksmodell der elevane skulle konkurrere om skuleplassane, det var då opp til eleven sjølv å gjere ein så god innsats at ein fekk gode nok karakterar til kome inn der ein primært ynskte å gå. Det var altså eleven si «skuld» dersom ein ikkje nådde opp i konkurransen.

Denne ideologien var lærarorganisasjonane sterkt i mot sidan ein såg at ikkje alle elevar hadde føresetnader for å konkurrer om skuleplassane og at dei elevane som trong mest å vere heimebuande var dei som måtte flytte på hybel.

Det frie skulevalet vart altså derfor eit tilbod som berre kunne gjelde for dei ressurssterke elevane og ikkje for alle elevar.

Utdanningsforbundet har heile tida vore svært skeptisk til at vårt fylke har hatt denne inntaksmodellen. Men det har ikkje vore politisk fleirtal blant fylkespolitikarane til å endre den og gå tilbake til nærskuleprinsippet. Regjeringa ville i sitt framlegg også pålegge fylka å innføre karakterbasert inntak, noko det heldigvis ikkje vart politisk fleirtal for.

I år er vi vitne til tydlege konsekvensar av karakterbasert inntak. Det store elevkullet som skal starte i vidaregåande kombinert med dei nedskjeringane som politikarane gjorde i vidaregåande opplæring i vår, må få som resultat at fleire elevar ikkje får oppfylt førstevalet sitt og fleire må flytte på hybel. Dette er stikk i strid med dei prinsippa som politikarane har vedteke for vidaregåande opplæring i vårt fylke og dei høge måltala for gjennomføring.

Fritt skuleval, karakterbasert inntak er ein politisk ideologi om valfridom. Men denne valfridommen vil berre gjelde for dei få.

Utdanningsforbundet vil med dette oppfordre politikarane om å sjå på dei vedtaka som er gjorde og vurdere om tida no er inne for å gjere om dette vedtaket og innføre nærskuleprinsippet på nytt!


Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

Gerd Botn Brattli, Fylkesleiar og Ole Bjørn Helberg, Fylkesstyret HTVF1

-------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal