LESERINNLEGG

Stortingsverv til låns

– Eg vil gjerne stå på vidare, svarar Jenny Klinge (Sp) i spørsmålet om ho vil stille til neste val.  Foto: Richard Nergaard

Meninger

Vi stortingsrepresentantar blir for tida spurte om vi vil halde fram eller ikkje, fordi nominasjonen til neste års stortingsval skjer i haust. Sjølv har eg meldt frå om at eg gjerne vil stå på vidare. Samtidig er eg veldig klar over at eg har stortingsvervet til låns. Derfor meiner eg – sjølvsagt – at det er både greitt og bra at andre ønskjer å kjempe om førsteplassen på lista. Og eg kjem til å takle det godt dersom eg blir «kasta», dersom Senterpartiet i Møre og Romsdal ønskjer å ha ein annan toppkandidat enn meg. Men eg vil gjerne seie noko om kvifor eg meiner partiet og fylket kan vera tent med å ha meg på Stortinget i fire nye år.

Det er vel tjue år sidan eg kom inn i politikken, i kommunestyret og formannskapet i Surnadal kommune. Då var eg berre 23 år. På dei åra som har gått sidan då, har eg vorte eldre og fått langt meir erfaring, men engasjementet har ikkje vorte noko mindre. Heller ikkje evnen til å seie frå i klare og folkelege ordelag når det trengst. Erfaringa både frå kommunepolitikk, fylkespolitikk og snart fjorten år på Stortinget håpar eg skal vera mykje verdt når Senterpartiet neste år endeleg skal inn i regjering igjen. For det er ikkje snakk om eit «dersom» denne gongen, det er eit «når». Landet treng ei ny retning, og Senterpartiet har mykje å bidra med for å stimulere til verdiskaping, vekst og velferd i heile landet.

Eg har heile tida lagt vekt på å vera eit ombod for alle delar av fylket. Eg er stolt nordmøring, og det er ingen motsetnad mellom dette og det å vera ein aktiv og engasjert folkevalt for folk og næringsliv i heile det vakre fylket vårt. Noko av det som opptek meg, er å gjera næringsliv, kommunar og organisasjonar i heile fylket endå betre til å påverke oss som sit på Mørebenken, Stortinget og regjeringa. Derfor bidreg eg gjerne med råd og praktisk hjelp, og følgjer opp saker så godt eg kan.

Når eg håpar på fire nye år, er det fordi eg håpar å kunne bruke arbeidskrafta, energien, tiltakslysta og kreativiteten min til å få til mykje bra i neste stortingsperiode. Dette utifrå den breie erfaringa eg har skaffa meg gjennom mange år i politikken. Åtte år i opposisjon er frustrerande, men eit regjeringsskifte neste år vil gi gode moglegheiter for fylket vårt som eg svært gjerne vil bidra til å forsterke. Då blir det opp til veljarane om Senterpartiet får eitt eller to stortingsmandat frå Møre og Romsdal. Eg håpar på to.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet

---------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal