LESERINNLEGG

Mistillit og maktkonsentrasjon?

– Kva slags arbeid er det framtida treng mest?, spør Kristin Sørheim (Sp) i debatten om korleis vi skal håndtere koronasituasjonen framover.  Foto: Richard Nergaard

Meninger

I Kommuneproposisjonen 2021 står det: «Lokaldemokratiet er en grunnleggende del av det norske demokratiet og styringssystemet. Regjeringen ønsker å styrke og videreutvikle lokaldemokratiet.»

Den same Regjeringa valde å trekke seg da kulturoppgåver skulle overførast frå staten til fylka. Likeeins skulle drosjenæringa slik vi kjenner den demonterast og liberaliserast over heile landet, utan omsyn til at det er skilnad på Oslo og Møre og Romsdal. No ser vi resultatet – fleire kommunar blir utan drosjetilbod heile døgnet. Heller ikkje kunne Regjeringa svare på om kommunane kunne bestemme korleis el-sparkesyklane skulle handterast – det må ei ny nasjonal forskrift til, på enda eit område der det er store skilnader i behov og løysingar.

Vi er inne i ei tid med ei helsekrise og ei økonomisk krise i store deler av verda, og vi veit ikkje heilt korleis dette skal handterast. Ikkje veit vi om det er rett at alt skal vende tilbake til slik det var. Ikkje veit vi kva som er viktigast å gjere noko med – helsevern eller økonomi. Ikkje veit vi heilt kva verkemiddel som skal brukast. Mange hevdar at det viktigaste no er at folk ikkje mister jobben sin. Noreg er i ein unik økonomisk situasjon samanlikna med mange andre land. Vi bør stille oss eit par spørsmål om korleis vi skal handtere situasjonen. Er det sentralmakta eller lokale styresmakter som er mest opptekne av å redde folk frå arbeidsløyse? Korleis greier vi best å halde folk i meiningsfylt arbeid? Kva slag arbeid er det framtida treng mest?

Arbeidsløyse er negativt for helsetilstanden til folk og skaper større skilnader mellom folk med god og dårleg råd. Innstramming av velferdsordningane er difor særdeles ugunstig for den enkelte og det er kostbart for samfunnet på sikt. Det er oppsiktsvekkande like funn i andre europeiske land, viser ei studie frå Oslo Met. Langvarig arbeidsløyse er spesielt uheldig for ungdom som normalt skal inn i arbeidslivet. Når arbeidsløysa bit seg fast, er det vanskeleg å snu. Ei viss arbeidsløyse kan vere positivt for bedriftene, med lettare tilgang på arbeidskraft og lågare lønnsnivå enn ved full sysselsetting. Men vi må likevel arbeide for at alle som kan skal ha meiningsfylt arbeid.

For Storting og Regjering er det makrotala som gjeld. Enkeltmennesket som er arbeidsledig er eit tal i ein statistikk. Dei lokale styresmaktene kjenner mennesket, familien og situasjonen for alle, både arbeidstakar og bedriftseigar. Den eine viktige jobben er å ta vare på innbyggjarane og bidra til overleving, vekst og trivsel i lokalsamfunnet.

Det er sagt og dokumentert frå mange hald at det er etterspørselspolitikken som kan bidra til å halde hjula i sving i ein krisesituasjon. SSB ga i 2016 ut ein rapport som konkluderte med at offentlege motkonjunkturtiltak ville gje best effekt for å halde arbeidsløysa nede. Seinare og på sikt kunne skattelette og andre tiltak verke bra. Men ingen ting kunne slå ut offentleg aktivitet.

Kommunar og fylke – og stat – har mange uløyste oppgåver som kan forserast. Det er vedlikehald av bygg og anlegg, det er helse- og omsorgstenester, det er kulturaktivitetar, det er nybygg. Alt dette gjev oppdrag til det private næringslivet og arbeid til mange.

Kommunane i landet og fylkeskommunane gjorde eit omfattande arbeid i å kartlegge slike oppgåver, etter innspel frå næringsliv, fagrørsle og andre, i den trua at Regjeringa ville bruke det mest opplagte verktøyet for å oppretthalde sysselsettinga og samtidig få gjort viktige oppgåver. KS i Rogaland fekk t.d. mykje ros frå næringslivet for sine innspel til Regjeringa. Møre og Romsdal fylkeskommune hadde ei liste med vedlikehald av vidaregåande skular, (t.d. Borgund), vedlikehald av vegar, trafikksikringstiltak, mindre rassikringstiltak, gang- og sykkelvegar på Tunheim, Tornes, Averøy og i Molde og Surnadal. Vi peika på utbetring av Veibustkrysset. Vi kunne forsert bygging av nye ferjer og hurtigbåtar, bygd breiband og satsa meir på fornybar energi og klimatiltak.

Regjeringa og FrP valde å ikkje løyve ei krone til fylkeskommunane slik at desse tiltaka kunne komme i gang og sysselsettinga bli oppretthalden. Regjeringa og FrP valde å ikkje lytte til fagleg tunge råd om kva som verkar best.

Kommunar og fylke er nærast til å sjå kva næringsliv som treng sysselsetting og kva oppgåver som bør løysast. Kommunar og fylke kan raskt og effektivt sette i gang slike tiltak over heile landet. Kommunar og fylke er dei som har størst interesse i å bidra til auka sysselsetting og arbeidsløyse, fordi dei blir sitjande att med alle dei negative konsekvensane av ei slik utvikling.

Det vil komme nye kriser, både helsekriser og økonomiske kriser. Koronakrisa er ikkje over. Det er ikkje for seint å snu. Fylka og kommunane vil raskt kunne gje oppdrag til privat næringsliv og arbeid til arbeidsledige dersom Regjeringa verkeleg vil ha tiltak som verkar og følgje sitt eige utsegn «lokaldemokratiet bør styrkes og vidareutvikles».

Kristin Sørheim (Sp)

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal