LESERINNLEGG

Tilsvar til leiar i RB: STVV har «gløymt» fylket – ikkje Stortinget!

Frank Sve (Frp).  Foto: Richard Nergaard

Meninger

« Kvifor er ikkje E-39/136 Ørskogfjellet og E-39 Betna-Stormyra starta opp, startløyving er gjeve for meir enn eit år sidan, heller ikkje E-39 Lønset-Hjelset er klart, men realiteten er at null og nada skjer og ikkje ein cm veg vert bygd»


 

Svaret på dette er ikkje at Stortingspolitikarane frå vårt fylke har «gløymt» vårt fylke,

-«men at Statens vegvesen ikkje har klart å prosjektert ferdig eit einaste prosjekt her i fylket klart til bygging dei siste 8-9 åra»

STVV har istaden brukt sin planlegging og prosjekteringskapasitet på prosjekt som ligg i dei siste 6 åra i den 12 års lange NTP perioden,  prosjekt slik som bypakkar og Møreaksen.

Det er svært så kjent for alle som gidd å bry seg med å setje seg inn i samferdselsbygging, at Stortinget ikkje løyver ei einaste kr til prosjekt som ikkje er ferdig prosjektert.

« RB ledelsen må ikkje leggje skulda på verken Helge Orten, Jon Georg Dahle, Else May Botn eller Jenny Klinge for at STVV ikkje legg til rette for vegbygging her i fylket»

Når eg ser bildet i leiaren av SP sin leiar i utdanningsutvalget, trur eg både han og RB leiinga heller bør fokusere på raseringa av dei vidaregåande skular her i fylket, som SP og utvalgsleiaren er ansvarleg for.

«  Lett å skulde på Stortinget for SP her i fylket, når SP i realiteten legg ned vidaregåande skular, gjennomførar kraftige kutt innan både skule og samferdsel, og brukar pengane heller på Opera i Kristiansund»

RB har tydeligvis starta sin «valgkamp» for dei raud/grøne og denne gongen SP,

Men verken Helge Orten, Jon Georg Dahle eller Jenny Klinge trenger bekymre seg for valgkampen til utdanningsutvalgsleiaren frå SP,

-då ingen blir premiert for å leggje ned og rasere dei vidaregåande skulane, når vedkommande i SP før valget var garantist for det motsatte!

Mvh

Frank Sve,

fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

----------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal