LESERINNLEGG

Svar til Harald Espeland sitt innlegg angående Møreaksen: – Stø kurs for Nye Veier AS

Aldri har det vore meir usikkert for Møreaksen, eller større motstand mot prosjektet i befolkninga og i fylkestinget.

– Både Midsund og Aukra har gått seg fast i eit blindspor angående ein svindyr og nærmast totalt urealistisk Møreakse, skriv Frps Frank Sve i innlegget.  Foto: NTB scanpix

Meninger

Harald Espeland i Møreaksen AS er fortsatt like virkeligheitsfjern i saka angående kryssing av Romsdalsfjorden.

I fylkestinget denne veka vart det eit splitta fylkesting omlag på midten, angående om Møreaksen skulle nevnast i det heile – og, i høyringssvaret frå fylket angende ny Nasjonal transportplan som alt er sendt inn til departementet, er ikkje Møreaksen nevnt med eit einaste ord.


 

Derimot er det stor semje om at Nye Veier AS skal få strekninga Ålesund-Molde inn i sin portefølje, noko vi er 99 prosent sikker på kjem til å skje.


Nye Veier AS setter Ålesund-Molde nummer én, og vil se på vegprosjektet på nytt

Vegene imellom bygges før fjordkryssingen?

Får Nye Veier AS i oppdrag å bygge veg mellom Ålesund og Molde, er det ikke sikkert at kryssingen av Romsdalsfjorden tas først. Er det mer lønnsomt å bygge vegene mellom fjordkryssingen først, kan det bli utfallet, bekrefter direktør for planlegging, Finn Aasmund Hobbestad.

 

Dei har klart slått fast at vegen mellom Ålesund og Vestnes skal byggjast fyrst, og at all tilgjengeleg ny teknologi skal vurderast på nytt angående kryssing av Romsdalsfjorden, også trasévalga.

Dette betyr egentlig «STØ KURS FOR ROMSDALSAKSEN».

Så er det slik at både Midsund og Aukra treng fastlandsamband, men dette kan gjennomførast både hinsides billigare og vesentlig betre utan Møreaksen.

Dette må prioriterast gjennomført straks når Romsdalsaksen vert bygd, eller dersom fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden vert valgt.


Ny kamp om Møreaksen

Skal Møreaksen nevnes, eller skal man bare snakke om å krysse fjorden? Uenigheten fra fylkesutvalget flyttes inn i fylkestinget mandag.

 

Både Midsund og Aukra har gått seg fast i eit blindspor angående ein svindyr og nærmast totalt urealistisk Møreakse.

I tilsvarande prosjekt, som kan samanliknast med Møreaksen, som no vert bygd på Rogfast, sprekk prosjektet med åtte milliardar kroner og heile prosjektet skal tilbake til Stortinget.

Alle som held på med samferdsel, veit at STVV sine kostnadsanslag for Møreaksen er ein stor gedigen bløff, dette trur dei ikkje på sjølv eingong.

Når dei legg til grunn eit prisnivå for gamle T 8,5 tunellar og ein meterpris for bygging av både tuneller og bruer som var gjengs for 10-15 år sidan, vert det rett og slett fantastisk bra at seriøse og faktabaserte selskap slik som Nye Veier AS, tek over prosjektet for Ålesund – Molde raskast råd.


Skal Nye Veier AS få bygge ny E136 fra Ålesund til Bjorli?

– Ser på det som en kjemperisiko for Romsdalen

– Dette er ei prinsippsak for Senterpartiet. Får Nye Veier oppdraget med å bygge E136 fra Ålesund til Innlandet grense, ser jeg på det som en kjemperisiko for vegbyggingen gjennom Romsdalen, sier lederen i samferdselsutvalget i fylket, Kristin Sørheim, til Romsdals Budstikke.

 

Statens Vegvesen har vist seg bort imot udugelige til dette arbeidet, dei har verken lytta til befolkninga eller brukt seriøse vurderingar som nokon som helst kan ha tillit til.

Stø kurs for Nye Veier AS er flott for prosjektet Ålesund – Molde, og STVV bør leggjast ned i sin form i framtida, då dei er direkte utgått på dato!

Mvh

Frank Sve,

fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

----------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal