LESERINNLEGG

Slette bompengegjeld eller gratis ferjer?

Når Frank Sve hevdar at Kristin Sørheim og SP har lova gratis ferje, er det altså løgn.

Frps Frank Sve og Sps Kristin Sørheim.   Foto: GEIR H. STRAND / SUNNMØRSPOSTEN

Meninger

Før siste fylkestingsval hadde SP eit lesarinnlegg der vi utfordra FrP om det var rett pengebruk å slette bompengegjeld på vegprosjekt eller å setje ned ferjetakstane. FrP diskuterte da om dei kunne sitte i ei regjering som ikkje vil stoppe bompengeprosjekt. Hovudsakleg kom opprøret frå storbyane, «folk flest» som synest dette blir for dyrt.


Billettinntektene stuper. Fylkesdirektøren foreslår å øke ferjetakstene etter nyttår

Dyrere ferjereiser fra januar?

Gleden over lavere ferjepriser kan bli kortvarig. Om sju måneder kan ferjetakstene på alle samband bli satt opp igjen. Forklaringa: Fylkeskommunen trenger mer inntekter.


Eg siterer frå innlegget: «Når oljefondet i første kvartal vokste med 738 milliarder kroner er den økonomiske situasjonen radikalt forbedret for landet. Disse uventede merinntekter bør blant annet benyttes til å slette all bompengegjeld for ferdigstilte og planlagte bompengeprosjekter, sa Carl I. Hagen fra talerstolen på landsmøtet.»

SP vil foreslå at vi også ser på å fjerne bompengane på ferjene og gje gratis ferjer til alle, og at frekvensen blir auka slik at ferje er eit reelt alternativ til fastlandssamband. Det betyr også nattferje til øyane våre og det betyr utvida opningstid morgon og kveld. Og at overskott frå oljefondet blir brukt til å utvikle og finansiere miljøkostnaden og til å finansiere opp ferjedrifta.

På kort sikt betyr det ei auka finansiering til Møre og Romsdal fylkeskommune på ca 500 mill kroner i året. Og så kjem riksvegferjer og andre fylke i tillegg. Men da har vi også laga ein god distrikts- og miljøpolitikk, fordelingspolitikk og industripolitikk. Det betyr sjølvsagt kutt i andre tiltak eller auke av skattenivået eller andre avgifter. På plussida slepp vi autopass og billettering og sparte kostnader for pendlarar og næringsliv.

Når Frank Sve hevdar at Kristin Sørheim og SP har lova gratis ferje, er det altså løgn. Det er eit forsøk på å vende merksemda vekk frå konsekvensane av FrP sin politikk for kystfylka.

FrP valde å satse alt på å fjerne bompengar for mange hundre millionar. FrP løfta ikkje ein finger for å redusere ferjekostnadene og bidra til å rette opp underfinansiering av ferjedrifta i fylka.

No har FrP igjen prioritert 600 mill til å fjerne 5 bomstasjonar. Men ikkje ei krone ekstra til å redusere ferjetakstane.

20. mai meldte NTB: «I dag innleder Fremskrittspartiets Helge André Njåstad forhandlinger med regjeringspartiene på Stortinget om revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen.

Da vil han fremme krav om flere hundre millioner kroner i økt støtte til fylkeskommunene for å få ned ferjeprisene.

– Vi hadde forventet at de skulle gjøre noe med dette ettersom de stilte med svelespisende statsråder på ferjetur, sier Njåstad».

11. juni seier den same Njåstad at han er godt fornøgd med å ha forhandla fram kr 0 i påplussing til å redusere ferjetakstane.

Om dei 600 mill. i fjerning av bomstasjonar hadde vorte brukt til å redusere ferjekostnader, ville det hatt stor betydning for eit næringsliv og innbyggjarar langs kysten. Særleg i desse koronatider. Men vi skal framleis ha konkurranseulemper og kostbar infrastruktur. Takka vere FrP.

Å slette bompengegjeld på prosjekt som er vedtekne og har fått starte opp nettopp fordi dei er bompengefinansiert, betyr også at andre prosjekt må vente på å bli gjennomført. Pengar kan ikkje brukast fleire gonger. Tingvoll-Meisingset vart utsett pga fjerning av bompengar på Astad-Knutset, som døme.

SP fremma i 2005 forslag om gratis ferjer, men fekk ikkje gjennomslag da. Prioritering av distrikta vart tydelegvis for sterk for andre. Vi arbeider vidare med å redusere kostnader og utjamne skilnaden mellom innland og kyst. Det er berre å vise til SP sine forslag på Stortinget.

Kristin Sørheim, SP