KRONIKK

Menneskesyn, rettferd og verdighet

Full sal: Når Stortinget behandler endringer i bioteknologiloven.  Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Meninger

Det er nok no, meir enn nok, både for meg og mange andre. Når det i forbindelse med behandling av bioteknologiloven, på nytt framføres skråsikre synspunkt og meiningar frå miljø, grupper og enkeltpersonar. Der motstand og vetorett mot alle endringar som omhandler menneskerettar, menneskesyn og verdighet, blir møtt med fasitsvar på alle desse områda.

Bernhard Riksfjord  Foto: Olav Skjegstad

Derfor, kvifor er de nesten alltid dei same politiske gruppene og miljøa, som utan atterhald eller blygsel, framfører sine meiningar om menneskesyn, verdighet og moral.

Då kan det være greitt å sjå seg litt attende på hendingar og holdningar om menneskerettar, verdighet og moral frå seksti og syttiåra, og fram til no. Skråsikkerheten og eigarskap til det «beste» moralske menneskesynet og menneskeverdet hadde dei klare meiningsr om, der livsførsel og handlingar helst burde tilfredsstille pietismens vesen.

Desse politiske miljøa og andre har gjennom titalls av år, ikkje ønska demokratiske rettigheter, likheit og inkludering når stortinget har drøfta og vedtatt lovanvendingar innan desse vanskelege områda.

Det er nesten ikkje til å fatte korleis dei «bokstavtrue miljøa» greidde å mobilisere den store motstanden mot kvinnelege prester, og deretter kvinnelege biskopar. Kunnskapen og forståinga om likhet, rettferdigighet og inkludering i eit demokratisk samfunn ville dei ikkje lytte til, eller sjå.

Istaden ville dei dyrke og ivareta gamle fordommar og haldningar, alle utgått på dato, og totalt ubrukelig for andre enn seg sjølv, og sine likesinnede.

Framsynte politikere og andre, føreslo å ville avkriminalisere homoseksualitet, men igjen gjekk parti og enkeltrepresentanter imot å ville avkriminalisere homofili i Noreg. Dei meinte hardnakka, og tru det eller ei, dei ønska at homofili fortsatt skulle være straffbart i Noreg.

Seinare vedtok stortinget rettmessig nok, muligheten til samliv for to personar av same kjønn, og deretter vedtok Stortinget med knappast mulig fleirtal innføring av partnarskspslova.

Gjennom uttallige år og perioder har det vore ein lang kamp og stor uenighet om abortsak, abortlov og kvinnenes rettigheter. Der menneskeverdet, etikk og moral var sentral språkbruk for å hindre kvinnenes rett til sjølvbestemt abort. Dåverande Folkeaksjon mot sjølvbestemt abort, med sentrale stortingsrepresentater som leiar, stilte opp og samla inn hundredetuser av underskrifter mot sjølbestemt abort. Fornuften vant fram i stortinget på syttitalet i denne saka, med ei stemmes overvekt.

Ein fargerik «motklassiker» frå syttitalet er saka om innføring av fargefjernsyn i Noreg, der orda redsel og frykt var gjengangere i argumentasjone. Venstre og Dagbladet var først ute med sin sterke advarsel og motstand mot innføring av fargefjernsyn i Noreg. Saksordføreren, Einar Førde uttalte følgande i Stortinget: «Me får finne oss i at synda hev kome til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar». Deretter stemte 34 representantar mot fargefjernsyn i Noreg. Teknologien og kunnskapen har gledeleg nok vore behjelpelig med å tilfredsstille motstandarane av fargefjernsyn. Fjernkontrollen tek om ønskelig vekk alle fargane.

I etterkant ser nok dei fleste på motstanden mot fargar med godlåtene humring og latter, som kanskje framskaffar litt tårevåte auge som resultat av humringa.

I dei andre omtala sakene om menneskeverdet er det lite å dra på smilebandet av, men språkbruken frå dei «rettskafne», har beklagelig nok skapt svært mange tårevåte auge av andre grunnar enn «humoren» om farge TV i kongeriket.

Mange burde kanskje tatt innover seg ei meir menneskelig forståing, respekt og verdighet mot andre personar og grupper, som ofte har det svært vanskelig.