LESERINNLEGG

RB med politisk «slagside»!

Raser mot RBs leder: Frank Sve, gruppeleder og fylkesleder i Møre og Romsdal FrP.  Foto: VIDAR MYKLEBUST

Meninger

Ved fleire anledningar har RB sin ledelse og redaksjon forsøkt å sverte FrP i sine ledarartiklar, og dette rett og slett berre som eit mikrofonstativ for den raudgrøne politiske sida her i fylket.

Når leiinga i RB ikkje forstår den alvorlige situasjonen som har vore her i fylket det siste året med omfattande kutt i drifta, og heller ikkje tydeligvis har fått med seg grunnlaget i mistilliten til fylkesrådmannen, er det slett ikkje rart at RB synliggjer sitt politiske ståstad.

I heile 2019 var prognosane for omstilling av fylket basert på prognosar om betydelige underskot i drifta.

Fleirtalet i fylket stolte på ein fylkesrådmann som teikna eit kølsvart bilde av fylket sin økonomi.

Med bakgrunn i dette kutta dei betydelig i fylket sine viktige tjenesteområder, der ein la ned vidaregåande skule i Vanylven og kutta haugevis med linjeval til elevane i heile fylket.

34 million kr kutta ein innan vidaregåande skular, kutta lærarstillingar til stor protest frå Lektorlaget, Lærarlaget og Utdanningsforbundet, og pinleg vart det når utdanningssektoren gjekk med heile 54 million kr i overskot.

For RB sin ledelse betyr tydeligvis ikkje vidaregåande skular og elevane sitt skuletilbod her i fylket ein tøddel av betydning,

«og RB sin lederartikkelen som omtalar overskotet i 2019 som ting som kom «dettande ned i haudet på fylket» synliggjer at RB overhode ikkje har verken lese budsjett eller rekneskapet og slett ikkje forstått dette»

Her er det viktigare å verne sine «vennar» i AP og SP og i fylkesadministrasjonen, enn å faktisk vere eit kritisk journalistisk organ på vegner av folket, som både skal og bør utfordre leiinga her i fylket på kvifor ein radbrekker skuletilbodet til ungdommane våre, seier opp lærarar og kuttar 34 million krona, når utdanningsområdet går så det susar med heile 54 million kr i pluss i drifta.

Det er vel slik at RB sin ledelse også synest det er kjempestas, at ferjeprisane her i fylket vart sett til himmels med konsekvensar på både 20-30 og 40 000 kr i ekstrakostnadar for dei som er avhengige av ferjer.

Ei prisauke på 2 takstsonar og innføring av Autopass som også vart begrunna i fylkesrådmannen sin økonomiske manglande kontroll, der fleirtalet med fylkesordføraren i spissen reiste til Stortinget og klaga si nød om «sveltefora fylkeskommunar».

Dette vart sikkert ein seanse som RB leiinga syntes var svært så fornuftig med tanke på at fylkesrådmannen den same dagen la fram sitt egentlige resultat og økonomiske fasit, med heile 313,5 mill kr i overskot, og sekvensen på Stortinget fortona seg som ein av tidenes mest pinlegaste i ei slik høyring.

Registrerar også at fylkeskommunen brått vart utan økonomisjef, men her er nok RB leiinga også «lojale» mot sine venner i maktens korridorar.

Eg skal ikkje trøtte RB leiinga med å gå igjennom resten av fylket si drift, for dette går nok berre inn eine øyra og ut den andre!

Når det er sagt så hadde det vore svært interessant å fått høyre om RB-leiinga meiner det er heilt OK, at ein samlokaliserar to tannklinikkar her i fylket, legg ned ein for å «spare» 350 000 kr, når realiteten kjem fram og denne nedlegginga av fylkeskommunalt tjenestetilbod kostar 12,5 million kr.

Dette er også grunnlaget som fekk begeret vårt i FrP til å flyte over, etter mengder med fylkesadministrative tabbar!

Når RB har engasjert seg i mengder av saker som omtalar bruken av skattebetalarane sine pengar, blir det heile svært merkeleg når ein er mest opptatt av å verne fylkesadministrasjonen i så måte.

Saka som er omtalt er så alvorleg, at den aleine ikkje verken kan eller skal aksepterast av nokon, og slett ikkje feiast under teppet av media.

Mange titals skulelinjer vart lagt ned, med beløp på nokre få hundre tusen kroner pr stk over heile fylket, også i Romsdalen,

« når fylkesrådmannen sløser vekk 12,5 million kr på rett og slett uforsvarlig og amatørmessig handlingar, blir det meget alvorlig at RB sin ledelse støttar dette»

FrP i Møre og Romsdal aksepterar at Romsdal budstikke sin redaktør og leiing er mest oppteken av å sverte politiske parti og verne om sine vennar politisk på den raud/grøne sida og i fylkesadministrasjonen.

Vi lever godt med dette, og eg vande med å stå aleine mot «røkla» i det meste, men vi er også vande med å få rett til slutt, i sak etter sak, i område etter område.

FrP har fremma krav om reversering av ferjetakstaukane i kvart eit einaste møte sidan desember 2019, og fekk no til slutt rett og eit samrøystes vedtak om å kutte ferjetakstane i sist Fylkesutvalgsmøte!

Det er vel dette RB leiinga meiner med at FrP ikkje «har vennar» i fylkespolitikken og ikkje får gjennomslag!

Dei einaste som er konstruert og pinleg i denne saka er:

- Ein ledelse i RB som ikkje forstår forskjell på anslag om mange titals mill kr i minus, som blir til 313,5 mill kr i pluss,

- Ein ledelse i RB som ikkje står opp for innbyggjarane sine tjenester som vert kutta med bakgrunn i heilt feilaktige økonomiske prognosar og med bakgrunn i total manglande økonomisk kontroll,

- Ein ledelse i RB som ikkje forstår at kutt av skuletilbod til elevane her i fylket med 34 million kr er aldeles greinalaust når utdanningssektoren gjekk med 54 million kr i pluss,

Og, ein ledelse i RB som tydeligvis ikkje har forstått at dei ikkje skal vere eit «mikrofonstativ for makta her i fylket»

Frank Sve, Gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal FrP

----------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal