LESERINNLEGG

Sjøfronten slit – leve Sjøfronten!

Pengane renn ut fortar enn kommunestyret har vedtatt og budsjettert. Kordan kom vi dit at vi mista styringa på økonomien?

Kommunestyrerepresentant: Bjørn Jacobsen (SV).  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Alle involverte har ikkje vore flink nok til å gjere det dei skal og aller dårlegast har vi vore på å passe på kvarandre. Haud skal rulle kjem no som eit krav. Eg trur ikkje at vi berre kan bytte ut tilsette eller konsulentfirma midt i svevet, men vi kan krevje at dei rapportera oftare og betre på økonomi og på avvik på bestilling av opprinneleg plan. Og at dei ulike partane samsnakkar.

Eg har lurt lenge på korfor moloen måtte gis bort til Brunvoll. I fall kunne ein ha bygd ein ny molo, i lag med leikeplassen, i staden for å bygge opp den gamle igjen, som vi held på med nett no. Eller bygg vi ein ny molo for å beskytte den gamle moloen som no er leikeplass hos Brunvoll? Eg har spurt i mange høve og aldri fått svar. Tok kommunen på seg kostnadar som skulle ha vore i Brunvoll prosjektet?

Eg snakka ein gong med prosjektleiar hos Brunvoll og eg må seie eg blei imponert. Dei reiv ein fabrikk og bygde 90 leilegheiter på budsjett! Har vi i kommunen nokke å lære av dei private her? Og korfor klarar ikkje fellesskapet å bygge på budsjett når dei private klarar det i akkurat same område. Forprosjekt, vedtak, kontraktar og så rapport på ekstrabestilling burde vere muleg å få til.

Molde Eigedom er eit selskap som har slitt og ikkje minst den delen som skal hushaldare med dei 600 leilegheitene. Men dei eg har snakka med seier at den delen som driv med store bygg (Formålsbygg) godt kunne ha vore prosjektleiar og leid inn kompetanse dei ikkje hadde. Vi ville då ha styrka kommunens eiga evne til å byggeleie og drive eigedom og vi har mange dyktige folk med prosjektkompetanse i kommunen. Eg trur det var eit feil val å ikkje bruke dei meir. Førre kommunestyre stemte og ned eit forslag frå SV om fullt ut å forvaltingsrevidere Molde Eigedom via kontrollutvalet. Nok eit døme på at ein ikkje vil bli betre.

I andre byar med byfornyingsprosjekt har gårdeigarane og det private næringsliv vore mykje meir inne i prosjekta etter det eg har sett. Både med å skyte inn kapital og delta i byggeprosessen. Gårdeigarane i Molde har bidratt med lite og kunne ha bidratt meir økonomisk fordi dei får ein enorm auke i verdi på eigendommane sine med Sjøfronten. Men mest viktig ville det ha vore no at om dei hadde bidratt med meir pengar inn, hadde dei og kravd kontroll over kva og korsen pengane blei brukt. Og ville då bidratt med sin kompetanse. Privat offentleg samarbeide kallast dette. I staden må vi auke eigedomsskatten i sentrum til ein jammerdal av protestar.

Sjøfronten kjem til å bli ein suksess for oss som bor i Molde og for dei som kjem på besøk. Vi opnar byen mot havet og skaper eit offentleg rom utan bilar. Og eg var med på å velje det vakre og å legge grunnlaget for at det skal bli all slag aktivitet på torget. Vi skal ha Bondens marknad, kystfiskarane og Hjertøybåten dit. Leik og moro.

Dette betyr at vi må gå vidare med og gjere ferdig Sjøfronten 1. Om det betyr at vi må vente med å sette i gang Sjøfronten 2 veit eg ikkje før vi får rapportar på om prosjektet klare å halde budsjett.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

----------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal