LESERINNLEGG

Olje og gasspartiet MDG?

«Hadde eg også hatt eit så greinalaust partiprogram som det MDG har, så hadde eg også hardnakka fornekta dette»

Frank Sve sier han lever godt med at MDG-representanten i fylkestinget er sur på ham.  Foto: Richard Nergaard

Meninger

Gruppeleiaren i MDG i fylkestinget hevda underteikna kjem med løgn og usannheter om MDG sin politikk, «då eg i fylkestinget hevda at MDG var imot olje og gassnæringa, og at dei var imot forbruk av kjøtt, såkalla «kjøttskam»

Sjikane vart det omtalt, når eg ordrett las ifrå MDG sitt partiprogram.

At ein kan bli hissig av å lese dette partiprogrammet gjelder nok dei fleste, men litt spesielt vart det når MDG sin eigen gruppeleiar i fylkestinget også reagerte.

På side 10 i partiprogrammet til MDG står det faktisk:

MDG vil:

«Stanse opning av nye olje- og gassfelt på norsk sokkel og starte ei gradvis og planmessig utfasing av petroleumsverksemd over ei 15-årsperiode»

Med andre ord, MDG ynskjer ei avvikling av olje og gassnæringa i Norge, med dei enorme negative konsekvensane dette vil få for Norsk økonomi og tapet av hundretusenvis av arbeidsplassar.

Samtidig hevda MDG representanten at dei ikkje var imot Oljefondet, naturleg nok når dei ynskjer å tømme fonda utan å fylle på igjen med nye inntekter.

LESERINNLEGG

MDG: – Påstanden er så ekstrem at det er på grensen til injurierende

Frps Frank Sve liker det dårlig når noen påpeker at han farer med usannheter, og brukte mye verdifull møtetid under fylkestinget på tirsdag på å sjikanere og angripe MDG.


«Korleis har MDG tenkt å erstatte dei mellom 25-30.000 arbeidsplassane som er i olje og gassnæringen berre her i Møre og Romsdal» ?

Sikkert med å forby fossilt drivstoff, forby kjøtt, forby flytrafikk, bilskam eller noko anna klimahysteri, – men det blir ikkje verken meir pengar eller fleire arbeidsplassar av dette!

På side 11 i programmet til MDG står det:

MDG vil:

«Starte utfasing av alle typer fossil energibruk i Noreg i løpet av stortingsperioda»

Jadå, dette partiet er verkeleg glade i olje og gassnæringa ?

I partiprogrammet til MDG står følgjande ang kjøtt :

«Stimulere til eit meir vegetarisk kosthald og redusere kjøtforbruket».

Også her har tydeligvis ikkje MDG her i fylket lest sitt eige partiprogram, og fornektar at dette også er omtalt som «kjøttskam» i ulike medier og i debattar – og at dette egentlig er eit direkte angrep frå MDG på vår eiga landbruksnæring.

Vårt fylke Møre og Romsdal er landets største eksportfylke med nokre av landets sterkaste miljø innan mange viktige næringsområder.

Dagens krisesituasjon ang Coronasituasjonen har ført til tøffe tider for olje og gassnæringa og no trenger vi sterk støtte til denne svært viktige næringa her i fylket.

«Kvifor MDG finnast i nærings og olje og gassfylke Møre og Romsdal bør nokon snart forklare meg, spesielt når dei i fylkestinget denne veka stemte imot all støtte til olje og gassnæringa»

Då lever ihvertfall eg svært godt med at MDG sin representant i fylkestinget såg både «grønt og rødt», når eg las frå MDG sitt partiprogram.

I dag er det krisesituasjon her i landet. Flytrafikken står på bakken, ferjetrafikken er kraftig redusert, biltrafikken og kollektivtrafikken like så.

Krise er det i olje og gassnæringa, og store delar av arbeidsstokken her i landet er permittert.

«Nærmar vi oss no sannsynlegvis virkeligheita av det som sikkert ville vere ein normal MDG-verden dersom dette partiet skulle kome i nærheita av regjeringsmakt» ??

Uansett må dette partiet no snart bli utfordra på korleis velferdsstaten vår skal kunne ivaretakast og utviklast i framtida, dersom det meste skal verte forbudt og «skam meg her og skam meg der » skal råde.

Eg lever godt med at MDG-representanten i fylkestinget er sur på meg,

«Ihvertfall når grunnlaget er at dei ikkje toler å høyre sanninga om sin eigen politikk» !

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

--

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal