LESERINNLEGG

Politikk i coronaens tid

Bjørn Jacobsen (SV) etterlyser svar frå ordføraren om deponi i Raudsand. Arkivfoto.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Aldri treng vi demokratiet meir enn i krisetider. Det viser samarbeidet mellom Regjeringa og opposisjonen på Stortinget. Samtidig veit eg at det var ei «Stortingsboble» der dei fleste partia var villig til å godta det meste. Mellom anna Fullmaktslover på inntil 6 månader. Først når dette blei behandla i dei ulike partia sine Landsstyre kom handbremsa på og ein såg at ein var på udemokratisk veg.

Min partileiar Audun Lysbakken takka sitt Landsstyre for korrigeringa og det viste seg at Erna Solberg godtok ein månads varigheit for Fullmaktslovane på strak arm.

Så skal vi ha i mente at det ikkje er mange år sidan Lagtinget blei lagt ned. Rett nok må det gå 72 timar mellom debattane i Stortinget før ein lov kan sendast til Kongen for underskrift i dag, men Lagtinget var ei forseinking og ein «la oss tenke oss om ein gong til» før vi vedtek ein lov. Historisk kunne fleire land trengt seg eit Lagting eller eit overhus for å hindre sittande makhavarar å ta heilt av.

I Molde er det slik at kommunen er sløkt ned politisk og ingen utval utan formannskapet er oppe og går. Referat derifrå viste at ein heller burde hatt møte i kommunestyresalen av omsyn til smittesituasjonen.

Ordføraren svarar ikkje på innlegg om korsen han har tenkt at Molde kommune skal handtere eit eventuelt giftdeponi av dei dimensjonane som er tenkt. Fleire politiske parti har etterlyst dette i Budstikka.

I staden avlysar han så godt som alle politiske møter i kommunen, men har kontakt direkte med statsråd og departement. Utan at opposisjonen er med eller informert.

Eg er sikker på at ordføraren får både spalteplass i Budstikka og hjelp frå teknisk etat til å svare ut mine spørsmål om Raudsand og giftdeponi, som han skulle svare på i det kommunestyret han sjølv avlyste.

Om ikkje kommunestyremøte er muleg så er det fullt tilrådeleg å halde utvalsmøte i kommunestyresalen med talarstol, god avstand og streaming ut så folk får høyre kva som rørar seg politisk. Og eg veit at digitale møteplassar er på god veg i Molde kommune slik at vi kan ta opp det politiske arbeidet. Men lite informasjon ut kva politisk leiing meiner. Taushet er ikkje gull.

Når Regjeringa i ei krisetid klarar å samarbeide så godt dei gjer med opposisjonen må dette vere muleg i Molde og? Vi må få demokratiet opp å fungere i den grad det er muleg etter råd frå kommunelegen.

Vi politikare laga ein ting og det er vedtak. Vi må fatte vedtak i reguleringssaker slik at byggebransjen kan starte opp sine prosjekt. Slik at dei som kan går på jobb og unngår permittering. Vi må vere orientert i store saker som er på gang. Om ikkje mistar ein tilliten til det politiske system og ingenting er verre i ei krisetid.

Vi må ikkje stenge ned så mykje at det skadar meir enn det vi oppnår i helseeffekt. Inntil vidare ser eg gjerne at ordføraren svarar i Budstikka på kva han gjer i Raudsand saka og svarar ut spørsmåla han har fått?

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV

---

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal