LESARINNLEGG:

"Ein vakker dag skal me spørje lærarane også"

Nyttar: Det nyttar å spørje profesjonen. Det må politikarane fortsetje med også når krisa er over, mener Gerd Botn Brattli.  Foto: Gorm Kallestad/ NTB scanpix

Meninger

Slik avsluttar Frode Grytten sitt dikt «Alle veit kva som er best for den norske skulen»

Dette diktet innleia Lærarrollerapporten, utarbeidd av ei ekspertgruppe og publisert i juni 2016.

Det kom mange innspel i samband med denne rapporten og Utdanningsforbundet uttala at politikarane kan ikkje gjere lærarane sin jobb. Det er lærarane som er fagfolk og ser kva som fungerer best for det einskilde barn og den einskilde elev. Rapporten konkluderte med at skal det skje utvikling må den kome nedanfrå. Profesjonen måtte få tillit og rom til å drive prosessar nedanfrå og opp og ikkje slik det hadde utvikla seg, til toppstyrte prosessar.

12.mars i år vart brått dette svært aktuelt igjen. Krisa ramma oss og det var lite tid til lange og toppstyrte prosessar. Ein vart nøydd til raskt å spørje lærarar og leiarar – kva gjer vi no og korleis skal vi gjere det.?

Elevane sine rettar til opplæring vart ikkje stengde om skular og barnehagar låste dørene.

Myndigheitene måtte spørje profesjonen til råds og lytte til profesjonelle råd!

Over natta såg vi ein profesjon som på strak arm tok utfordringane! Med raske grep og under ikkje akkurat optimale rammefaktorarar, la dei om undervisningsmetodar, følgde opp elevar og føresette og dreiv skulen frå sine mange heimekontor. Utviklinga av opplegg og undervisningsmetodar sette eit tempo som eg trur ikkje vi har sett maken til i nyare tid. Profesjonen har utveksla og delt undervisningsopplegg på tvers av skular, kommunar og fylke. Dei har vist korleis ein kan vere ein lærande organisasjon berre ein blir gitt tillit til å vere det!

Som leiar for over 9000 medlemer i vårt fylke har eg til tider vore engsteleg for den arbeidsbøra lærarane har hatt no når skulane har vore stengde. Mange av lærarane har hatt svært mange roller; dei skal drive opplæring med eigne elevar, følgje opp forelder/føresette, ha omsorg for eigne barn som er heime frå barnehagen og følgje opp eigne born som har heimeundervisning. Dei har i tillegg stadig måtte utvikla og endra opplegg som passar for den einskilde elev og gruppe i tråd med dei utfordringane som nettbasert undervisning medfører.

Lærarprofesjonen har vore på tilbodssida og synt eit stort samfunnsansvar. Dei har synt seg tilliten verdig og det må ikkje gløymast når den ordinære kvardagen er tilbake.

Stor honnør til alle lærarar for det dokke har gjort for norsk skule!

Det nyttar å spørje profesjonen! Det må politikarane fortsetje med også når krisa er over!