LESERINNLEGG

Svindyrt klimahysteri!

«Når krybba er tom, bites hestene», heiter eit ordtak, slik er det i Møre og Romsdal fylkeskommune for tida.

Frps Frank Sve, her på talerstolen på landsmøtet i 2018.   Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Meninger

Pengane er brukt opp på opera og anna fjas, som fylkeskommunen slett ikkje skal drive med, og når krybba er tom, skuldar ein på alle andre.

«Kristin Sørheim og SP lova gratis ferjer i valgkampen, men istaden setter ho ferjeprisane kraftig opp» - SP i praksis!

«Det grønne skifte» har vore ein konkurranse spesielt blant MDG, SV, AP, SP, Venstre, og KrF men også det etter kvart så «rosa Høgre» har kasta seg på galskapen. Når eg høyrde på nyttårstalen til Erna Solberg, kunne den godt vere gjennonført av SV eller MdG, det var klima og miljø opp og i mente, til eg ikkje gadd å høyre på dette meir og gjekk og gjorde noko anna.

Kven har ansvaret for klima og miljøhysteriet som har ført med seg hysteriske krav om svindyre miljøferjer, dyre ladetårn og svindyr oppbygging av nødvendig straum infrastruktur?

Ivertfall ikkje FrP som har stått bak dette klima og miljøhysteriet som ein no ser konsekvensen av, og som alle no får den enorme rekninga ifrå. Dette er berre begynnelsen. Alle har blitt lurt til å kjøpe El bil, men no kjem rekninga der også. Ladekostnadane vert no sett til himmels, når det no har gått opp for desse klima og miljøfanatikarane at det ikkje er gratis å framskaffe og produsere nok straum. Det vert no like dyrt å køyre frå Møre og Romsdal til Oslo og tilbake, med El bil som med ein moderne dieselbil, «verda skal bedragast»

Er det mulig å bli lurt så opp i stry, med såkalla klimanøytrale bilar og ferjer, der livsløpet med destruering av batteria er vesentlig dårligare og vere for miljøet enn med ein ny Euro 6 dieselbil.


Kven har ropa på El ferjer?


Jau, dei same klima og miljøhysterikarane i MdG, SV, SP, AP, Venstre, KrF og faktisk også i Høgre. No møter dei alle seg sjølve i døra med eit brak, og får berre leite fram dei milliardane som er nødvendig for å løyse det dei sjølve har sett istand. Det samme ser vi ang cruisenæringa her i fylket, krav om nullutslipp frå 2026 og tier 3 krav i 2025, betyr tom Geirangerfjord i 2024/25. Null skip er 400 000 turistar mindre til dette området og eit inntektstap på 360 mill kr og tap av 100 vis av arbeidsplassar.


Folk startar no å flytte ut av Geiranger, det er berre å gratulere prosjektet, «grøn fjor, som har prestert å oppnå TOM fjord»


Bitte lille Norge skal redde verden, medan dei andre landa hegnar om sine arbeidsplassar og sitt land, gjer vi i Norge det meste for å øydeleggje oss sjølve med eit hinsides klima og miljøhysteri, i eit av verdas reinaste land.

Så er det berre ein måte å gjere dette på, og det er å øyremerke midlane til ferjedrift, vidaregåande skular og dei lovpålagte oppgåvene i fylkeskommunen, «slik at ein i framtida hindrar Torve, Kjølmoen, Sørheim og SV-dronninga Yvonne Vold, muligheita til å sløse vekk ferjepengane på opera og alt anna unødvendig fjas»

Så må folk berre fortsette å stemme fram SV, MdG, AP osv, så ryker vel tusenvis av olje og gass arbeidsplassar her i fylket også – samt «kjøttskam» og anna tøv legger vel etter kvart også landbruksnæringa i grus.


Kva skal vi leve av i framtida med desse klima og miljøhysterikarane, med MdG, SV ?


Blir vel tilbake til 30-40 talet med sykkel og ufarga kle, der hest og kjerre skal tilbake, « no må snart folk våkne opp, og sjå kva som er i ferd med å skje»

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp


Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal