Når kritikk blir omdefinert til angrep

OSLO 20140115. Jenny Klinge (SP) svarer Arbeiderpartiets Per Vidar Kjølmoen   Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Meninger

Det er svært sjeldan eg kritiserer Ap, fordi vi jo går inn for eit nytt raud-grønt samarbeid. Partia våre er godt i stand til å kjempe saman om mange viktige saker. Likevel tillot meg i RB 1/2 å påpeike at utspelet til Ap om å få ned ferjeprisane kom ganske så plutseleg no.

Eg tenkte ikkje eg skulle seie meir om dette, men då eg las svaret frå Per Vidar Kjølmoen, fylkesleiar i Ap, i same avis, vart det vanskeleg. Bakgrunnen for den første kommentaren min var at Ap nyleg leverte eit såkalla «laust framlegg» i stortingssalen knytt til tiltredelseserklæringa til den nye regjeringa.

Dette er ein type framlegg som ikkje får komitebehandling og må stemmast over same dag (og som vart nedstemt same dag). I staden har Ap høve til å stemme for eit grundigare og betre framlegg Sp allereie har levert og som er til handsaming i transportkomiteen. Det handlar om finansiering av ferjefylka, men også om å innføre makspris på ferjebillettane.

Eit såkalla laust framlegg som Ap leverte blir ofte nytta til markeringar, og det er greitt så lenge som det markerer politikk som eit parti allereie har og jobbar med elles. Men i praksis er det berre ei markering dersom framlegget kjem utan anna langsiktig engasjement for saker som faktisk har vore viktige lenge. Slik som saka om ferjefylka, som får for dårleg statleg finansiering av fylkesferjedrifta og investeringane i miljøferjer.

Kjølmoen vil ikkje svara på utfordringa eg hadde til Ap om dei vil stemme for framlegget vårt eller ikkje, men han seier at han ikkje vil «krangle med Sp om hvilket forslag som kom først». Han seier vi heller ikkje bør angripe kvarandre. Det er greitt nok.

Eg ønskjer heller ikkje ein krangel, og eg meiner bestemt at eg ikkje brukte så sterke ord at det kan definerast som eit angrep. Eg vil påpeike at årsaka til at eg reagerer, jo ikkje er at Ap engasjerer seg i saka, men måten det skjer på. Det er som om det er ein 10 000-meter på gang og ein løpar har sprunge godt nesten heile distansen og nærmar seg mål, og så kjem det ein annan inn i løpet når det er 400 meter att og set opp høg fart og prøver å vinne.

For det er slik det framstår når langsiktig engasjement for ei sak har mangla all den tid publikumsinteressa ikkje var så stor, medan fleire parti no melder seg på i løpet når folk protesterer og saka plutseleg begynner å brenne i media. Dette gjeld absolutt ikkje berre for Ap, det gjeld for omtrent alle parti på Stortinget, og eg kunne kritisert kvart enkelt av desse òg. Men nå bestemte jo Ap seg for å ha dette utspelet akkurat no og dei fremjer eit framlegg som handlar om finansieringa berre i år.

Eg meiner derfor det må vera innanfor å minne veljarane om at Senterpartiet ikkje berre er opptatt av revidert nasjonalbudsjett i år. Vi har lagt inn ekstra ferjemidlar til ferjefylka i våre alternative budsjett og i nysalderinga av fjorårets budsjett. Vi har òg som nemnt eit grundig forslag til behandling i Stortinget no, i tillegg til at vi også tidlegare har levert framlegg om saka. Dette nyaste framlegget må Ap også ta stilling til, og det er dette framlegget Kjølmoen ikkje vil seie om Ap vil støtte.

Vårt framlegg handlar om meir enn om finansieringa i eitt enkelt statsbudsjett, fordi ferjefylka – og ikkje minst ferjepassasjerane – fortener langsiktig god finansiering av ferjedrifta for å sikre rimelege billettprisar og eit godt ferjetilbod.

Så er det også verdt å minne om at kritikk jo går begge vegar mellom partia våre. Trass i god raud-grøn samarbeidsånd må vi ha høve til å påpeike slikt som dette. Dette handlar også om kva forståing veljarane kan ha for politiske prosessar og politisk truverd i ulike saker. Medieutspel er fint for å vise engasjement, men ein må sjå på innhaldet i dei konkrete framlegga som partia legg fram og kven som sikrar oppslutning for kva over tid.


Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet