LESERINNLEGG

Ei ferjereise, service for kven?

Det som ein gong var «Kjærleikens ferjereise» er i vel dag heller blitt; Frustrasjonens, irritasjonens, fattigdommens, forbannelsens, fråflyttingens ferjereise.

Foto: kjell Langmyren 

Meninger

Den 13. januar skulle vi heim frå Ålesund til Midsund og sikta oss inn på ferja med avgang kl 20.30 frå Brattvåg til Dryna, eller som det visstnok så bærekraftig heiter; frå Ålesund til Molde.

Lars Hagseth  Foto: Olav Skjegstad

Vi satte oss i bilen i Ålesund (altså i Ålesund) men «pling», der låg det endå ei av dei uttallige meldingane frå Fjord1: «Rute 22 Brattvåg – Dryna – Fjørtoft – Harøy. Det må påregnes noe forsinkelse på A-ferga pga tekniske problem».

Ok, pytt sann, forseinkingar er vi så vel vande med, ein del av livet er venting på ferjekaia for oss øyboarar så det går heilt greitt. Ankomst Brattvåg ferjekai i rimeleg god tid og på lystavla står det avgang Dryna kl 20.57, alt vel.

Men så; lystavla kom opp med:

Vi sto i ferjekøa saman med Helge Løken og vi sette sjølvsagt i gang med å sjekke stoda, om det var håp om å kome seg over fjorden i løpet av natta.

Telefon til Fjord1, men der var svaret; Vår åpningstid er frå klokka 08 til 16.» Sjølv om vi slettes ikkje vart overraska skulle vel ein i grunnen tru at eit selskap med døgndrift som skal betjene titusener av passasjerar også på kveld og natt kunne ha tilgjengelig ein servicetelefon i påkomande tilfelle der folk kunne få eit svar. Men, men, det går vel for hardt ut over den sårt tiltrengte fortjenesta.

For å kanskje få vite litt meir ringte vi så om bord til A-ferja, og der fikk vi følgjande beskjed: «Vi har tekniske problem så det forventast ikkje at vi er i drift igjen i kveld».

Ok, vi forstår sjølvsagt det, tekniske problem kan så klart oppstå, men kva med B-ferja som ligg til kai i Brattvågen? «Dessverre, på grunn av kviletid kjem nok ikkje den i drift før i morgon tidleg. Det kan derfor ikkje forventast at det blir fleire ferjeavgangar i kveld».

Vi vart ståande der hauderistande men fann etter kvart ut at same kor lenge vi stod der å rista på haudet kom nok ikkje våre frustrasjonssignal korkje til Fjord1’s hovedkontor eller til fylkeshuset i M&R.

Vi stod der å venta, to personbilar og ein semitrailer. Eg forklarte situasjonen for sjåføren: I am so sorry, no more ferries tonight, eg skulle vel heller ha sagt det slik; I am as pissed as you are because there is no more ferries to catch tonight! Ok he said, do you think I can sleep here tonigth? Off course you can, this is the place where we all sleep very often.

Vi som skulle til Dryna, hadde eit alternativ om Vestnes, det var nok verre med reisande til dei andre øyane, hotell, eller som trailersjåføren, sove i bilen?

For å gjere ei lang historie endå lengre; vi starta køyreturen mot Vestnes, men halvvegs kom det eit nytt pling frå Fjord1; «Normal drift i sambandet frå kl 23.15». Ikkje veit eg om dei hadde fått orden på dei tekniske problema på A-ferja eller om det var vår energiske hauderisting som hadde gitt resultat så B-ferja kom i drift. Uansett, halvveis til Vestnes var det ingen grunn til å snu og vi ville være heime timen tidligare, trudde vi, om Vestnesferja var i rute så vi kunne nå halvferja frå Mordalsvågen kl 22.30.

Med litt for god fart over Nakkedalen der sikkert fartfrustrasjonsrekkeferjegenet slo inn kom vi oss med, men såg ved ilandkøyring i Molde at det ville bli akkurat med tid for å rekke halvferja i Mordalsvågen. For å sikre at vi kom oss med ringte Helge om bord og fortalte om den lengre enn lange turen og ba om dei kunne være så snill å vente eit halvminutt, maksimum to minutt så vi to bilane kunne kome med. Beskjeden tilbake frå ferja: «Beklager så masse, men vi har ikkje lov til å vente eit einaste sekund, det har kome nye strenge reglar og vi er GPS overvåkea heile tida, så dessverre».

Det høyrer sjølvsagt med i historia at når vi parkerte i Mordalsvågen var ferja 20 meter frå kaia!!

Vår konklusjon må bli at fergene er ikkje til for dei reisande, vi er nok berre eit onde for å haauste inn mest muleg pengar. Det ser ut til at det viktigaste med ferjedrifta er at det blir størst muleg utbytte for reiarlaga og at byråkratar/politikarar i fylket kan få lage mest muleg rigide ordningar for å halde frustrasjonen og irritasjonen oppe hos oss trafikantar.

Det fantastiske er at hadde dette vore ein flytur ville flyselskapet vore forplikta til å erstatte ihht EØS reglar. Passasjerane på ferjer har ingen beskyttelse sjølv om reisa vi forskutterar i dyre dommar ikkje blir levert.

Etter ei lengre enn lang reise kan vi slå fast at vi i alle fall har gitt eit ekstra bidrag til fylkesøkonomien med nokre hundrelappar, men vi må berre beklage at vi såg oss nøydd til å legge igjen ekstra med CO2 og NOX langs vegane.

Lars Hagseth

-------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal