LESERINNLEGG

Front mot sjøfront

Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen 

Meninger

-Utskjelt, men nødvendig? Slik spør RB så treffande i ein bildetekst den siste dagen i 2019.

Sjøfronten i Molde har i ei foreløpig kostnadsramme på 304 millionar kroner, står det i avisa. Dette er reine galskapen!

Den politikaren som heretter våger å klage og syte over at lovpålagte tenester innafor helse- og omsorgssektoren, den får heller bruke vett og forstand neste gongen liknande, unødige prestisje- og luksusprosjekt som sjøfronten kjem på dagsorden.

Dei som mottar helse- og omsorgstenester, deira pårørande, tenesteytarane på alle nivå, eller dei politikarane som er samvitsfulle og omsorgsfulle, dei treng ikkje å kvide seg for å krevje meir etter dette.

Ein kommune – ein så stor kommune – som Molde, kan ikkje med rak rygg spare seg til skam på lovpålagte oppgåver, når overfloda av prestisje og luksus ser ut som om han er vettlaus.

Det er særleg tenestene i Tiltak for funksjonshemma – TFH – som er påviseleg underbudsjettert i Molde. Slike tenester skal koste pengar, og det skal vi krevje at ein stor og rik kommune som Molde stiller opp med.

Molde har frå 2020 blitt ein stor og lang kommune. Takk og pris at han berre er lang på tvers av kyststripa. Elles hadde Sjøfronten blitt for lang, og armoda i lengda for stor.

Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal