LESARINNLEGG:

Takk til alle som har støtta oss. Avgjerda sikrar borna godt grunnlag for opplæring i nynorsk i heile grunnskulen

Det er og morosamt å sjå at andre utanfor Julsundet får med seg kva som skjer og vel å stå fram med sine syn og meiningar. Takk for støtte og innspel i saka.

TAKKA FOR STØTTA: F.v.Torbjørn Gjendem, Reidun Tystad, Rita Hagås, Marta Kristin Eidskrem, Stig Roar Digernes og Sara Hensel.   Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

No har det vore ein «Språkdebatt» i Julsundet som vart avgjort i kommunestyret torsdag. Mange av oss innbyggjarar i Julsundet har merka på kroppen at saka engasjerer. No har våre folkevalde tala, og resultatet vart at Julsundet framleis skal ha nynorsk som hovudmål.


Politikerne har talt - fortsatt nynorsk på Julsundet skole

Det ble en følelsesladet debatt i Aukra kommunestyre da saken om målform ved Julsundet skole skulle opp til votering. 13 mot 8 stemte for nynorsk som målform.


Undervegs i saka har vi som har «kjempa» for å behalde nynorsk fleire gongar fått støtte både frå venta og uventa hald. Eg vil på vegna av foreldre i Julsundet takka alle som har vist oss støtte og interesse i saka. Det varmar å høyre at sambygdingar støttar innsatsen vi gjer og rosar vårt engasjement.


LESARINNLEGG

Slå ring om «grautmålet!»

«Valet av målform i skulen gjeld ikkje berre elevane og foreldra deira. Det får nesten alltid store ringverknader i kommunen og lokalsamfunnet, ja til og med på det nasjonale planet.»


Det er og morosamt å sjå at andre utanfor Julsundet får med seg kva som skjer og vel å stå fram med sine syn og meiningar. Takk for støtte og innspel i saka.


– Både Hoem og rektor tar feil

Bokmålsgruppa kaller Edvard Hoems innblanding i språkstriden utidig, og mener rektor kommer med feilaktige uttalelser. – Nå må vi roe gemyttene, sier rektor Terje Gundersen-Røvik.


Og til slutt takk til vår kommune og våre folkevalde som har set seg inn i saka og gjort vurderingar på eit bredt grunnlag før dei har gjort seg opp ei meining. Det var fleire innlegg i saka som tyder på at saka vart langt vanskelegare enn ein kunne sjå føre seg og at mange verkeleg har sett seg inn i den. Håper at og politikarane våre kan finne ro igjen til jul.

Som foreldre i Julsundet vil vi ikkje på noverande tidspunkt kalle avgjerda for ein seier for oss eller for bygda. Saka har skapt mykje engasjement, og enkelte har kjent det godt på kroppen. Vi håpar at vi no kan leggje det bak oss og gå tilbake til å vere naboar og sambygdingar igjen.

For borna i Julsundet vil vi derimot påstå at det er ein seier. Avgjerda sikrar borna våre godt grunnlag for opplæring i nynorsk i hele grunnskulen. Det er eit faktum at alle skal ha karakter i både hovud- og sidemål i 10. trinn, og tidleg oppstart og mengdetrening er nøkkelen for å verte god.

Igjen, takk til alle som har støtta oss, og oppfordrar alle til å ta vare på kvarandre.

Med venleg helsing Torbjørn Gjendem
på vegne av foreldre for nynorsk i Julsundet

God Jul og Godt Nytt år alle saman.