LESERINNLEGG

Eit fylke for framtida?

«Takk for meg» skriv Amalie Løwe i RB 11.12. «Takk for oss Møre og Romsdal» skriv Marte Waagan i SMP 12.12. To gode innlegg om korleis elevane kjenner seg svikta av fylket.

Hele fylket var representert i Molde da over 300 skoleelever protesterte mot kutt i utdanningstilbudene i Møre og Romsdal. 

Meninger

Møre og Romsdal, fylket i nordvest. Der det ofte handlar om båtar, fisk eller olje. Der ungdomen tek til gatene fordi dei ynskjer å gå på skule og truar med å flytte vekk så snart dei er gamle nok. Ikkje akkurat eit fylke for framtida, eller?

«Takk for meg» skriv Amalie Løwe i RB 11.12. «Takk for oss Møre og Romsdal» skriv Marte Waagan i SMP 12.12. To gode innlegg om korleis elevane kjenner seg svikta av fylket. Eg har stor medkjensle og støtte for elevar som protesterer høglytt for det dei trur på. Det positive er at det er akkurat slike stemmer dette fylket treng, men då må vi velje å lytte til dei.


LESERINNLEGG

Takk for meg!


Møre og Romsdal har, som det fyste fylket i landet, forplikta seg på berekraftsmåla. Noko som er utruleg inspirerande. Det byr på enorme moglegheiter, men samstundes forpliktar det oss til å realisere det gjennom konkrete handlingar.

Kva er det framtida treng?

The North West er arenaen for berekraftig regionutvikling. Arenaen går av stabelen 23-25. april 2020 i Ålesund. Vi har vorte utpekt av FN gjennom U4SSC til å vere den offisielle arenaen for SmartBy i Noreg. Dette betyr at det kjem deltakarar frå inn- og utland for å dele, lære og diskutere kva framtida eigentleg treng.

Er framtida breiare vegar og djupare tunellar? Ulikskapen i samfunnet aukar, kva gjer vi eigentleg med det? Klima og miljø er den viktigaste politiske saken i Noreg, samstundes er Noreg det landet i Europa som kuttar minst i utslepp, er det greitt? Dette er spørsmål ein må tørre å løfte fram.

Må tørre å satse

Fylkestinget vedtok den 11. desember å framleis støtte The North West. Det var ein liten sum i det store biletet, men heilt vesentleg for realisere målsetningane. Skal vi få ei utvikling som ikkje handlar om budsjettkutt og fråflytting, må ein tørre å ta eit satse på framtida.

Møre og Romsdal har moglegheita til å ta posisjonen som berekraftsfylket i Noreg. Berekraft er i ferd med å verte det som sameiner oss. Våre tre største byar arbeider målretta med berekraft og leiar an på landsbasis. Vi har fått U4SSC – Framtidslab på Campus Ålesund, den andre i verda. Det som skjer her har eit enormt potensiale, om vi arbeider saman, det skal vi i The North West bidra til.

Marte Waagan avsluttar sitt innlegg; «No tek vi våre nyskapande idear, ambisjonar og motivasjon til ein plass der dei vil ha oss!». Eg vil utfordre Marte og andre unge, det er nok andre plassar som verkar å sette meir pris på ungdomane, men det er ingen andre plassar som treng desse stemmene meir.

Marte, Amalie og andre unge er velkomne til The North West, for å ta del i det som skjer og utfordre politikarar og næringsliv. Krev dykkar rettmessige plass i diskusjonane om framtida!

Eg har trua på ei god berekraftig framtid for regionen, men vi treng dei unge stemmene for å skape den.

Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar, The North West