LESERINNLEGG

Ufint av aksjonistane i Julsundet

«I sin visdom valde våre forfedrar i Aukra og kringliggande kommunar nynorsken som skriftspråk, rett og slett fordi nynorsken ligg nærast opp til dialekta vår», skriv Odd Reidar Solem.  Foto: Kjell Langmyren

Meninger

Det er med undring og vantru eg les dei sterke skuldingane mot Edvard Hoem fordi han har ytra seg i ordskiftet om skulemålet i Julsundet. Det er foreldregruppa for bokmål ved skulen som står bak det ufine angrepet.

I sitt debattinnlegg i Romsdals Budstikke i helga – under tittelen «Slå ring om «grautmålet»!» – argumenterte Hoem klart og tydeleg for kor viktig det er å halde fast ved nynorsk som skulemål i krinsen.


LESARINNLEGG

Slå ring om «grautmålet!»

«Valet av målform i skulen gjeld ikkje berre elevane og foreldra deira. Det får nesten alltid store ringverknader i kommunen og lokalsamfunnet, ja til og med på det nasjonale planet.»

Edvard Hoem inn i språkstriden i Julsundet

– Uklokt å gå bort frå nynorsk her, seier Hoem, og ber foreldre som krev bokmål i skulen tenke over saka på nytt.


Dette var tydelegvis for sterk kost for bokmålsgruppa. I svarinnlegget sitt, kalla «Skivebom, Edvard Hoem!», skuldar dei forfattaren for utidig innblanding. Dei ber han rett og slett om å skygge banen, som det heiter: «Din kamp for nynorsk må du gjerne fortsette med, men du bør finne andre arenaer å kjempe på enn i våre barns klasserom.»


– Både Hoem og rektor tar feil

Bokmålsgruppa kaller Edvard Hoems innblanding i språkstriden utidig, og mener rektor kommer med feilaktige uttalelser. – Nå må vi roe gemyttene, sier rektor Terje Gundersen-Røvik.


Eg hadde ærleg tala venta eit heilt anna sinnelag av ei gruppe som etterlyser demokratiske prosessar for å få gjennomslag for sitt syn – at bokmålet skal erstatte nynorsken ved skulen i fastlands-Aukra.

Ein folkekjær forfattar med eit brennande språkleg engasjement og som attpå til har djupe røter i ei av nabobygdene til den aktuelle skulekrinsen, skal ikkje kneblast på denne måten. Det er uhøyrt! Hoem er ein ressurs, ikkje eit problem i denne samanhengen.

Om det dei kallar «utidig innblanding» skriv aksjonsgruppa mellom anna: «Dette er en lokalpolitisk prosess (…) – ikke et nasjonalt anliggende som du (Les: Edvard Hoem) forsøker å vri det til.»

Her bommar bokmålsaksjonistane stygt. Val av skulemål er ikkje berre ei lokalpolitisk greie. Språk er ikkje berre språk, det er kultur i vid forstand, det er historie og tradisjon; språk handlar også om identitet og sjølkjensle, ikkje berre på det private og lokale planet, men også på regionalt og nasjonalt plan.


– Nynorsk er eit betre val når vi bur i ei nynorsk-kommune

Språkstriden ved Julsundet skole held fram. No tar ei gruppe foreldre som vil ha nynorsk som hovudmål til motmæle.


Derfor vil også eg som utvandra gossing ha ei meining om språkutviklinga i det eg kallar heimtraktene mine. Det angår min kultur og bakgrunn og det handlar om identiteten min. I tillegg til barndom og oppvekst i Aukra, har eg også mellom anna – rett nok for fleire tiår sia – hatt gleda av å vikariere som lærar i Julsundet. Og eg har brukt nynorsk gjennom eit langt yrkesliv i aviser og kringkasting.

Korkje som skrivande journalist eller som reporter og programleiar i riksdekkande radio og TV har eg hatt problem med å bli forstått. Det har derimot vanka mange godord om språket mitt. Heller ikkje då eg budde og arbeidde i Sverige var det språkproblem. Svenskane forstår nynorsk vel så godt som bokmål.


– Vi vil ha de samme utfordringene uansett målform

Rektor Terje Gundersen-Røvik ved Julsundet skole forholder seg nøytral i språkkrangelen - men er spent på utfallet i kommunestyret.


For å forstå den unike norske skriftspråksituasjonen, må vi kjenne historia. I 300 år var som kjent dansk det offisielle skriftspråket i landet vårt. Etter frigjeringa frå Danmark tidleg på 1800-talet, då nordmennene skulle skape sitt eige skriftspråk, resulterte det altså i to språk: bokmålet som var ein justert variant av det danske ved at ein bytte ut danske ord med norske – og nynorsken som var eit heilt nytt skriftspråk som bygde på dei norske dialektane.

I sin visdom valde våre forfedrar i Aukra og kringliggande kommunar nynorsken som skriftspråk, rett og slett fordi nynorsken ligg nærast opp til dialekta vår. Dette grunnlaget har ikkje endra seg sia den gongen. Nynorsk er altså den skriftlege varianten av det folkelege talemålet på våre kantar.

Lenge leve folkemålet!

Odd Reidar Solem


– Aukra er en nynorsk-kommune. Derfor stemte jeg for nynorsk

Men ordfører Odd Jørgen Nilssen (H) tør ikke spå hva utfallet blir i kommunestyremøtet 19. desember.

Full språkkrangel i Aukra

– Vi krever bokmål som hovedmål på Julsundet skole

– En folkeavstemning viser flertall for bokmål. Likevel innstiller rådmannen på nynorsk. Nå krever vi at valgresultatet blir tatt til følge, sier Stian Sekkeseter.


--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal