LESERINNLEGG

Møreaksen er seigliva

Meir enn kroner og øre: Oltedal utfordrar Møreaksen til å ta del i den debatten som går lenger enn berre kilometer, kroner og øre.  Foto: Statens vegvesen

Meninger

Det var ikkje mykje nytt i det siste innlegget til Harald Espeland. Og det ville jo ha vore svært overraskande om han hadde kome med kritiske innspel til prosjektet han er sett til å drive gjennom. Derfor held han fram i sitt vante spor med sine tal om at Møreaksen på alle måtar blir billigst, kortast og best. Eg utfordrar han til å ta del i den debatten som går lenger enn berre kilometer, kroner og øre:

Kva med syklande og gåande, dei såkalla mjuke trafikantane?

Kva trur du vil vere den beste løysinga for turistar og turistnæring?

Kva svarer du til dei av oss som ikkje vil ha eller er redde for undersjøiske tunellar?

Kva med dei mange innvendingane, også frå regjeringshald, om å legge E39 gjennom Molde?

Kva svarer du lastebilnæringa som vil ha minst mogleg stigning på vegane?

Kva med miljøomsynet når ein baserer reknestykket sitt på auka trafikk?

Kor co2-krevande vil bygging av Møreakasen vere samanlikna med elektriske ferger?

Osv, osv...

Og eg som trudde debatten om Møreaksen var i ferd med å ebbe ut etter dei nye signala som er komne no i haust. Men det ser ut til at trykket frå motstandarane må fortsette. Til og med Venstre sentralt har endra synet på fergefri E39, men lokalt står likevel Venstre som ihuga forsvarar av Møreaksen.

Lars Oltedal

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal