Skulestrukturen i Vestnes - for andre gong i 2019

Administrasjonssjefen i Vestnes vil legge ned Tresfjord skule frå sommaren.  Foto: Olav Skjegstad

Meninger

Kommunestyret i Vestnes gjorde slikt vedtak 28.mars 2019 med 15 mot 8 røyster:

1. Usikkerheit kring elevtalsutvikling i krinsane, samt ei eventuell grensejustering, gjev uvisse kring dimensjonering av ny ungdomsskule. Dette gjer at me ikkje kan ta eit forhasta vedtak no.

2. Val av løysing for felles ungdomsskule og strukturen generelt, må sjåast i lys av kva for krav som stillast i den nye læreplanen som skal innførast trinnvis frå skulestart 2020. I dette arbeidet må tilsette og faglærde inkluderast føravgjersle skal takast.

3. Det skal vere uendra struktur i ein tilstrekkeleg periode for å gjere oss kjend med elevtalsutvikling og sentralt førande krav. Dagens struktur skal vere uendra i minst to år.

Så opplever vi at administrasjonssjefen vil ha omkamp berre nokre få månader etter, i håp om at det nye kommunestyret vil sette dette vedtaket til side. Det er administrasonssjefen si oppgåve å gjennomføre dei vedtaka som kommunestyret gjer. I dette tilfellet opplever vi total mangel på respekt for politisk fatta vedtak når plutseleg «Plan for renovering av skulebygga og etablering av ny skulestuktur» blir sendt ut på høyring med ein høyringsfrist på 14 dagar.

I rundskriv frå Utdanningsdirektoratet, UDIR-2-2012 Behandlingen av skolestruktur og kretsgrenser, står det at høyringsfristen i struktursaker bør vere to månader. Så blir det kanskje hevda at kommunen hadde ei grundig høyring våren 2019, men det var før grensejusteringa mellom Rauma og Vestnes. Såleis er dette ei ny sak som må få ein høyringsfrist i tråd med føringane frå Utdanningsdirektoratet.


Foreslår dramatiske kutt i skulestrukturen i Vestnes

Vil legge ned skulane i Tresfjord og Fiksdal

Etter mange år med tautrekking kan skulane både i Tresfjord og Fiksdal bli nedlagt. Det er innstillinga frå administrasjonssjefen til Vestnes formannskap måndag.


Samarbeidsutval, FAU og klubbane ved skulane har likevel utarbeidd, eller er i gang med å utarbeide høyringsuttalar innanfor den knappe fristen. Eg håper at politikarane i Vestnes denne gongen tek på alvor det fagfolket i skulen meiner. Det er nettopp deira si meining som bør vege tyngst i strukturspørsmålet. Klubbane ved både Tomrefjord skule og Helland skule er klare på at det må byggast ein ny ungdomsskule. Alle høyringsuttalane våren 2019 handla også om at det måtte byggast ei ny, framtidsretta felles ungdomsskule.

Administrasjonen i Vestnes meiner dette blir for dyrt samanlikna med renovering av eksisterande bygg. Dei har lagt til grunn ein kvadratmeterpris på 40.000 kr. Denne prisen er det all grunn til å stille spørsmålsteikn ved. Eg har undersøkt kvadratmeterprisen på dei to nybygga som blei kåra til «Årets Skolebygg» i 2018 og 2019. For begge skulebygga ligg kvadratmeterprisen på i underkant av 20.000 kroner eks moms. Begge desse bygga ligg på Austlandet, men det kan vel ikkje vere så mykje dyrare å bygge i Vestnes?

Mi oppfordring til politikarane blir derfor: Vedta nybygg til ungdomsskuleelevane våre og behald grendaskulane. Då kan ein få plass til kultuskulen i eksisterande ungdomsskulebygg. Slik blir det praktisk å gje elevane kulturskuletilbod i SFO-tida. Det er viktig å gjere kommunen attraktiv for tilflytting. Eg legg merke til at påtroppande administrasjonssjef meiner kanskje det viktigaste tiltaket for Vestnes er nettopp å legge til rette for tilflytting/heimflytting. Unge familiar ønskjer seg ikkje inn i leilegheitsbygg i sentrum. Ein må gjere det attraktivt å bu på bygda. Då er barneskule og barnehage viktige trekkplaster. Stopp sentraliseringa og ta heile kommunen i bruk!

Nils Øvstedal

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal