LESERINNLEGG

Du Frank, du Frank!

Kristin Sørheim (Sp).  Foto: Richard Nergaard

Meninger

I motsetning til FrP har SP i lag med våre samarbeidsparti lagt fram eit økonomiplanforslag med overskott på 1,5-2 prosent kvart år i perioden, i tråd med rådmannens forslag.


Legg ned Fylkeskommunen!

Eller dersom dette ikkje går, legg ned Møre og Romsdal Fylkeskommune, og la Sunnmøre få gå til Vestland og Nordmøre og resten til Trøndelag


I motsetning til deg og FrP «raserer» vi ikkje tilskott til frivillige lag og organisasjonar og kulturtiltak i fylket, og heller ikkje utviklingsarbeid som er viktig for næringsliv og sysselsetting. Vi har heller ikkje kutta vidaregåande skule med 200 mill, men med 21 mill i 2020. Dette er ikkje meir kutt enn det som svarar til nedgangen i elevtal i fylket, og som i år 2023 utgjer 75 mill kr.

Vi har ikkje kutta i tannhelse, men har same forslag som rådmannen og FrP. Vi har kutta i administrasjon og også i kostnader til det politiske nivået (i motsetning til FrP).

Alle – ikkje minst du – er fullstendig klar over at vi har ei kraftig underfinansiering av ferjedrifta vår, fordi det er lagt ein nasjonal standard som styrer overføringa til fylket og som er langt under det tilbodet vi faktisk har oppretta i Møre og Romsdal, over tid. Miljøferjesatsinga kjem i tillegg, og Staten har ikkje ytt sin nødvendige del til denne nasjonale satsinga på å redusere klimagassutsleppa. Du kan gjerne kjefte på SP for at vi gjorde feil i 2010 da mykje av vegane og ferjesambanda vart overført til fylka, og det ikkje følgde med pengar. Vi kan ta sjølkritikk på det.

Men det er 10 år sidan, og situasjonen blir verre og verre. Og vi burde som folkevalde i Møre og Romsdal gjere alt som står i vår makt for å fortelje om situasjonen og bidra til ei løysing. Vi har vi ved fleire høve skrytt av samferdselsministeren, seinast for at han no tek initiativ til å møte kystfylka for å drøfte situasjonen med kostnadene til miljøferjene. I motsetning til deg som avviser problemstillingane. For det står ikkje betre til i Vestland og Trøndelag.

Frank Sve, du er ein alt for flink og bra kar til å halde på med denne sutringa og utskjellinga av SP fordi konstitueringa etter valet vart som det vart. Legge ned eller splitte fylket fordi «rådmannen og SP styrer», slik skriv du som kalla deg «Mørejarl» før valet! Skulle vi sagt at vi melder Noreg inn i Sverige fordi FrP styrer her til lands? Eg reknar med at alle no forstår kvifor SP og FrP ikkje inngjekk politisk og valteknisk samarbeid i fylket, men vi kan samarbeide om enkeltsaker slik vi har gjort før. Sjølv om vi lenge har forstått at SP er utpeika som politisk hovudmotstandar, også til stortingsvalet om to år. Men ta deg no saman og hjelp til med å få litt betre finansiering av ferjedrifta vår, det vil det stå respekt av, og det vil hjelpe innbyggjarar og næringsliv.

Kristin Sørheim, gruppeleiar SP


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal