LESERINNLEGG

Veøya og E39

Veøya Foto:Iver Gjelstenli 

Meninger

Brit Solli, eg såg føre meg at du er del av ein naturleg høyringsinstans for Veøya, ut ifrå ditt arbeid på og engasjement for øya. Du er sjølvsagt ein person vi skal lytte til.

Du spør kvar massane til ei sjøfylling skal hentast ifrå. I tilfelle det er behov for fyllmasse, er det mogeleg å frakte den dit, t.d. frå Sølsnes. Det er også andre måtar å gjere det på, t.d. pæler eller flytarar. Romsdalsaksen treng heller ikkje å berøre Veøya i det heile. Så du treng ikkje å uroe deg for at Romsdalsaksen skal gjere skade på Veøya.

Du svarar ikkje på mitt spørsmål om du meiner at færrast mogeleg bør vitje Veøya. Mitt utgangspunkt er at fleire skal få tilgang til øya med si historieforteljing og natur, med rom for ei regulering av dette i nødvendig grad. Kanskje også med tilgang til overnatting i hytter, som den som DNT Romsdal leiger av eigaren, Opplysningsvesenets fond.

Sidan du heller ikkje svarar på mi utfordring om kulturminne langs Møreaksen, så nemner eg at der er tilsvarande kulturminne som blir berørt. Ifylgje Karlstrøm i KSU24/7 11.01.17 er der 66 automatisk freda kulturminne i Møreaksen sitt reguleringsområde. Karlstrøm konkluderer med at kart over freda kulturminne tyder på at Romsdalsaksen ikkje er i konflikt med fleire kulturminne enn Møreaksen. Riksantikvaren vurderte Møreaksen sin samfunnverdi som så stor, at den overstig verneverdien til dei automatisk freda kulturminna som vart råka av den. Det er liten grunn til å tru at riksantikvaren vil finne samfunnsverdien til Romsdalsaksen mindre enn til Møreaksen, eller verneverdien til dei råka kulturminna større enn dei som blir råka av Møreaksen, særleg i ein slik grad, at det vil føre til motsett tilråding.

Du føreslår at E39 frå Sekken til fastlandet vert lagt i tunnel under Hangholmen, Veøya og Sølsnesholmane dersom Romsdalsaksen skal realiserast. Dersom målsetjinga er å unngå at vegen skal kome i nærkontakt med kulturminne, så er dette det rette valet, og vesentleg betre enn Møreaksen. Kulturminna langs Møreaksen er det nemleg ikkje i same grad mogeleg å unngå å berøre. Dersom målsetjinga er å kome i kontakt med desse kulturminna og naturen på ein måte som kan balanserast med behov for vern, så er dette mogeleg på Veøya utan å lage store skadar på natur og kulturminne. Samstundes unngår vi å lage irreversible og evigvarande sår i naturen, som tunnelar eigenleg er.

«Frank Sve er da vitterlig sunnmøring og han arbeider utrettelig for sine velgere på Sunnmøre», skriv du. Igjen verkar det som om du forsøker å redusere betydninga av hans synspunkt i aksesaka. Både han og andre fylkestingsvalde representerer sitt fylkesparti i heile fylket, ikkje berre sitt eige «fogderi». Han representerer heller ikkje ei fogderiliste. Det er nordmøringar og romsdalingar som får mest nytte av Romsdalsaksen, som han har lagt ned mykje arbeid i, når ein ser på døgnåpne vegar både mot E6 og E39. Det er forventa av han at han vidarefører dette arbeidet.

Lars Valderhaug, Tustna

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal