Leserinnlegg:

Framtidsretta samferdselsprosjekt

Bernhard Riksfjord.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

No er det på nytt blitt debatt for og mot E.39 Møreaksen, og E.136 Ålesund- Dombås. Nokon vil ha Nye Veier, og andre er visstnok på ville veier.

Historien viser oss at store nyttige og gjennomarbeida samferdselsprosjekt alltid har blitt møtt med motstand, pessimisme, negativitet og det som verre er, dessverre. Dei aller fleste veit også at større samferdselsprosjekt feks i Møre og Romsdal, aldri har kommet til mulig gjennomføring og realisering på under 33. år, dessverre. Optimismen og dei store mulighetene som dei mange og gode samferdselsprosjekt har skapt lokalt, regionalt og nasjonalt, har i tillegg blitt til positivitet, trivsel og større tilgjengelighet for folk flest. Heldigvis.

Arven med alltid å være imot gode, framtidsretta og gjennomarbeida samferdselsprosjekt i vårt fylke, står fortsatt ved lag, dessverre. Og dagens motstandere av den framtidsretta og gjennomarbeida Møreaksen, viderefører derfor berre ein sedvane og innarbeidd arv, mot gode samferdselsprosjekt i fylket vårt. Der innhenta fakta og kunnskap frå kompetente fagmiljø som er viktig og avgjerande, vert i mange høve berre møtt med eigen synsing og motstand.

Ein ting er eg overbevist og sikker på: ingen av dagens motstandere av Møreaksen rister vel mykje og merkbart på hovudet, stiller seg bak, lovpriser, eller støttar sine mange forgjengers store motstand mot gjennomføringa og bygginga av feks Krifast, Atlanterhavsveien og Eikesundsambandet, når dei no kan nytte seg av desse gode prosjekta. Trur heller ikkje nokon verken saknar ferje eller svele på desse sambanda.

Dei som alltid krev og vil ha nye omkamper, om allereie godkjente og prioriterte samferdselsprosjekt i fylket vårt, bør kanskje tenkje på det omtala 33 år, og deretter legger til sin eigen alder. Då vert visstnok pessimisten både optimistisk og glad. Og optimisten, han tenkjer også på 33 år, og veit at der ligg det store muligheter til oppstart, uansett eigen alder.

Bernhard Riksfjord, Aukra

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal