Leserinnlegg:

Molde, Veøya og Europaveg 39

Bjørn Jacobsen (SV).  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Eg er heilt einig med professor Britt Solli i at Veøya ikkje må øydeleggast og at vår bruk og kast generasjon ikkje må få dure fram som han vil.

Men professor Solli bør ta seg nokken studiepoeng på samfunnsvitskapeleg fakultet sia ho først held seg på Blindern. Ho har fått det føre seg at fylkesleiaren i Frp er aktivist og at alle andre som jobbar for Romsdalsaksen er aktivistar.



Mange på Sekken har i alle år jobba for Sekkfast. Eg merka det godt i valet i år på alle stemmane vi i SV fekk på Sekken. Å kjempe for fastlandsamband er legitimt i Norge.

For fem år sida blei Borgerlisten starta i Molde for å hindre E-39 i å øydelegge Molde. Dei blei valt inn i kommunestyret med stor oppslutning. Rett nok er ikkje politiske parti Grunnlovsfesta i Norge, men av hevd er dei rekna med i styringssystemet. Konkret slik at det er eit av dei Kongen tar kontakt med når det skal skipast Regjering. Å danne parti er ikkje rekna for å vere spesielt aktivistisk, heller som bærebjelken i folkestyret vårt.

Miljøpartiet de Grønne, SV og andre parti har lagt inn forslag og argumentert mot at byen vår skal få ein europaveg rett igjennom seg. Ikkje aktivistisk, men opposisjonen si rolle i eit folkestyre.

Folka som har starta Romsdalsaksen er folk som har brukt mykje av fritida si på å komme opp med eit alternativ til Møreaksen fordi dei meiner å ha ei betre løysing enn Møreaksen. Det står respekt av folk som ikkje berre syt, men kjem med konkrete alternativ.

Så har mange moldensarar engasjert seg, ikkje minst dei som ikkje vil hogge ned alleen langs Fannestranda som var planta på 1800 talet og nyplanta no på 90 talet.

Eg synes ikkje du er redeleg Britt Solli når du hevdar at dei som jobbar for å redde Molde frå eit bilinferno er aktivistar, som om dei ikkje følgjer demokratisk sedvane.

Korfor tør du ikkje å gå på Staten? Han som skal bygge vegen på ein slik måte at folket reiser seg og brukar demokratiske verkemidlar for å prøve å stanse at Staten gjer det motsette av kva som er norsk vegpolitikk; å føre gjennomgangstrafikken utafor der folk bor.

Korfor går du ikkje på dei som verkeleg representera bruk og kast kulturen og på død og liv skal ha vegane inn til kjøpesentera sine? Ofte med det at dei gamle bysamfunna og sentra svekkast. Korfor skal overskotet på handelen i Molde gå ut av byen og ikkje til den lokale handelsstanden?

Som professor i kulturhistorie kunne ein og forvente at du opplyste saken ved å fortelje at på Julbøen finns det og kulturminne som vil gå tapt. Eg veit det fordi Budstikka viste dette i ein artikkel for nokken år sida.

Bergsøysundbrua blei i bygd i 1992 og i 2002 foreslått verna som kulturminne og blei i 2008 freda av Riksantikvaren. Men ho blei ikkje stengt for trafikk. E-39 går der enno.

Høgspenten som går over Veøya kan legges i sjøkabel og kan du som ekspert på kulturminne fortelje oss korsen ein europaveg kan lages for å gjere minst muleg skade?

Eg vil gjerne at fagpersonar kjem med kunnskap som gjer det muleg for folkevalde å fatte vedtak som tar alle omsyn og ikkje brukar kunnskap aktivistisk for eit syn.

Som politikar forstår eg godt Frank Sve som heller vil bygge ein billegare og raskare veg gjennom fylket vårt. Då blir det meir pengar til fjordkryssing andre stadar. Eg forstår og godt dei som vil ha trafikken inn til Molde og kjøpesentera der. Men eg vil ha elektriske ferjer og betre veger mellom ferjeleia. Og eg forstår enda betre at det er lurt å hindre trafikkstøy for 30 tusen og rasering av Fannestranda med 4- felts motorveg.

Samtidig forstår eg at om ein skal kjempe mot Møreaksen må ein komme med alternativ som samsvarar. Og det gjer Romsdalsaksen med sine ulemper for kulturminne, samtidig som han bitt i hop Atlanterhavsvegen, Trollstigen og Geiranger på ein måte som vil ta pusten av dei fleste.

Veøya vil igjen bli det mest sentrale punkt, ikkje berre i Romsdal Amt, men i heile fylket. Det vil bli den største turistsuksessen nokken gong og dei flotte kulturminna ville komme ålmenta til gode og glede.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook