Leserinnlegg:

Sentralisering av verste sort

Så lenge kommunane verken har makt og mynde eller herredøme over eigne ressursar og verdiar, blir dette berre innhaldslause ord.

Kristin Sørheim 

Meninger

Eit ekspertutval under leiing av tidlegare NVE-sjef Per Sanderud leverte 30.september NOU 2019:16 om skattlegging av vasskraftverk. Dersom Regjeringa følgjer opp forslaga frå ekspertutvalet, er det enda eit dramatisk sentraliseringsgrep.

Utvalet foreslår å fjerne dei ordningane som har gitt kommunane der vasskrafta blir produsert direkte skatteinntekter, ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. I tillegg blir det foreslått ei «normalisering» av eigedomsskatten for vasskraftverk.

Dette betyr at Staten tek full kontroll over inntektene frå vasskraftproduksjon rundt om i landet, og det er opp til Staten kor mykje som skal gå tilbake til der verdiane blir skapt. Siv Jensen (FrP) seier at kommunane kan kompenserast, men alle veit at dette ikkje på nokon måte vil sikre verdiane i distrikta, men bli ein kamp alle mot alle når statsbudsjettet skal vedtakast. Det ser ut til at denne regjeringa gjer alt som står i si makt for å sentralisere landet og ta makt og ressursar frå kommunar og regionar. Eigedomsskatten, som er den einaste skattlegginga kommunane kunne bestemme over til ein viss grad, skal også reduserast, utan at kommunane får kompensert det gjennom auka skatteinntekter frå annan skatt. Så kjem dette forslaget på toppen. Det er ikkje lenge sidan det kommunale sjølvstyret vart grunnlovsfesta. Så lenge kommunane verken har makt og mynde eller herredøme over eigne ressursar og verdiar, blir dette berre innhaldslause ord.

Eit anna meiningslaust forslag er å senke grensa for når det skal betalast grunnrenteskatt til kraftverk under 1,5 MVA. I 2015 vart grensa sett til 10 MVA av eit samrøystes Storting, etter forslag frå Solberg-regjeringa. Kraftverk bygd før 2015 er tilpassa den tidlegare grensa på 5,5 MVA, medan kraftverk bygd etter 2015 er tilpassa 10 MVA-grensa. Forslaget frå utvalet vil føre til 39 % ekstra skatt på overskott, noko som i realiteten – med dagens prisar på straum – vil bety store underskott og konkursar og slutt på investeringar i planlagde småkraftverk der det alt er gjeve konsesjon. For fleire tusen private grunneigarar og bønder er dette dramatisk, og enda eit døme på sentralisering av ressursar og kapital og makt.

Høyringsfrist er 1.januar 2020 på forslaget. Kommunar og fylkeskommunar er berre invitert til å gje fråsegn gjennom KS og Samarbeidande kraftfylke (der Møre og Romsdal ikkje er medlem). Eg reknar likevel med at Møre og Romsdal fylkeskommune kan og vil sende ei skarp fråsegn mot dette forslaget, på vegne av alle våre kraftkommunar og på vegne av våre småkrafteigarar.

Kristin Sørheim, gruppeleiar SP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook