LESERINNLEGG:

Ordføraren som ikkje vil bli ordførar

I Molde SV opplever vi det som eit rød grønt svik at ikkje Senterpartiet og Odd Helge Gangstad tar på seg jobben med å bli ordførar i Molde.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Når ein stille som ordførarkandidat for ordførarpartiet over alle ordførarparti må ein i det minste vente at ein tør å gå i front og leie det fleirtalet veljarane Molde har gitt ein. Og som peiker fram mot neste Stortingsval og ei Regjering som står opp mot sentralisering.

Vi har no avslutta fire år med Arbeiderpartiet på Høgres fang og no skal vi få fire nye år med Senterpartiet som Høgres kopplam. Eg hadde trudd at SP ville stille seg i front som ordførar for skole, eldreomsorg, klima, jordvern, distrikt og rettvise. Og at skifte av makta i dei fleste fall er eit gode for folkestyret. Men Senterpartiet står ikkje opp for dette.

I SV må vi venne oss til dette som vi oppleve som eit rødgrønt svik, og vi har 4 år på å minne SP om dette. Viktigast no er det allikevel å få til god politikk uavhengig av konstellasjonar. Det blir masse muligheita i dei tre hovudutvala å lage god politikk heilt fram til kommunestyret.

Vi er ei stor SV gruppe og vi skal jobbe til beste for dei som bor i dyre kommunale leilegheiter, dei som kjenner på ei dyr skolefritidsordning, barn som treng leikeplassar i sentrum, dei som rammes av lite klok fortetting i bustadsområder, dei som treng universell utforming i gata , samt sykkelveg og ungdom som treng små, billege sentrale bustader. Gjøre Molde til den moderne byen som bygdene og moldensarane fortjene.

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal