Slette bompengegjeld eller gratis ferjer?

UTSLIPPSFRIE BUSSER KOMMER: Kristin Sørheim Gruppeleiar for Senterpartiet  Foto: RICHARD NERGAARD

Meninger

FrP diskuterer no om dei kan sitte i ei regjering som ikkje vil stoppe bompengeprosjekt. Hovudsakleg kjem opprøret frå storbyane, «folk flest» som synest dette blir for dyrt. «Når oljefondet i første kvartal vokste med 738 milliarder kroner er den økonomiske situasjonen radikalt forbedret for landet. Disse uventede merinntekter bør blant annet benyttes til å slette all bompengegjeld for ferdigstilte og planlagte bompengeprosjekter, sa Carl I. Hagen fra talerstolen på landsmøtet.»

SP vil foreslå at vi også ser på å fjerne bompengane på ferjene og gje gratis ferjer til alle, og at frekvensen blir auka slik at ferje er eit reelt alternativ til fastlandssamband. Det betyr også nattferje til øyane våre og det betyr utvida opningstid morgon og kveld. Og at overskott frå oljefondet blir brukt til å utvikle og finansiere miljøkostnaden og til å finansiere opp ferjedrifta.

På kort sikt betyr det ei auka finansiering til Møre og Romsdal fylkeskommune på ca 500 mill kroner i året. Og så kjem riksvegferjer og andre fylke i tillegg. Men da har vi også laga ein god distrikts- og miljøpolitikk, fordelingspolitikk og industripolitikk. Det betyr sjølvsagt kutt i andre tiltak eller auke av skattenivået eller andre avgifter. På plussida slepp vi autopass og billettering og sparte kostnader for pendlarar og næringsliv.

Vi brukar 632 mill kroner på bussruter i Møre og Romsdal, billettinntektene er på ca 256 mill kr, altså ei netto utgift på 375 mill kroner.

Vi brukar 738 mill kr på ferjedrift og det er før alle miljøferjene og dei nye ferjeanboda er innfasa. Billettinntektene er ca 272 mill kr, altså ei netto utgift på 466 mill kr. På hurtigbåt har vi ei netto utgift på ca 125 mill kr/år.

Til saman kostar kollektivtilbodet på ferje, båt og buss i fylket 1,5 mrd kroner per år. Innbyggjarane (inkludert næringsliv og noko turistar) betaler om lag 0,6 mrd/år i billettutgifter, der vi godt kan samanlikne ferjebillettar og hurtigbåtbetaling med bompengar, fordi det finst ikkje alternativ. Altså ca 320 mill i året i bompengar på ferje/båt i vårt fylke. Ei stor bompengebelastning for næringsliv og pendlarar! Og i tillegg ca 580 mill i utgifter for fylket berre til ferje/båt . Og det er før vi har innført nye anbod og miljøferjer og lenge før vi har innført ein frekvens på ferjene som er slik at dei kan erstatte fastlandssamband og lenge før vi har rekna på kostnaden med elektrifisering eller hydrogenisering.

SP fremma også i 2005 forslag om gratis ferjer, men det vart ikkje noko av. Prioriteringa av distrikta vart tydelegvis for sterk for andre parti. No er tida annleis, reknestykka annleis og småbyane i Møre og Romsdal har fått bydelar som ikkje har fastlandssamband, men står for mykje av verdiskapinga. I diskusjonen om fastlandssamband kontra ferjer til evig tid, miljø- og klima, verdiskaping og rettferdig fordeling, går det sjølvsagt an å «snu på flisa» og bruke sjøvegen i staden for enda meir vegar på land, men da må ein ta inn over seg både kostnaden og ein må gjere noko med finansieringa.


Kristin Sørheim

Gruppeleiar for Senterpartiet


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal