LESERINNLEGG

«Det skal ikkje vere slik at det er foreldra si lommebok som avgjer om barn får bli med på fritidsaktivitetar»

Med KrF sitt fritidskort får alle vere med på laget.

  Foto: Vidar Myklebust

Meninger

Mange barn og unge får ikkje sjanse til å delta på fritidsaktivitetar saman med jevnaldrande fordi familiane ikkje har råd. Det fører til at nokre blir haldne utanfor viktige sosiale arenaer der dei kan oppleve meistring og samhald.

Tall fra Ungdata viser at over 90 prosent av alle barn og unge har vore innom organisert idrett gjennom oppveksten. Fråfallsprosenten frå idretten er høg. Det viser seg at dobbelt så mange frå høgare sosiale lag deltek i ungdomsidrett, samanlikna med ungdom som veks opp med færre ressursar heime. Tala viser ein forskjell på heile 56 prosent mot 29 prosent. Auka kostnadar ved å delta og familiar som ikkje har råd, er ofte forklaringa.

Mange foreldre fortell at fritidsaktivitetar er i ferd med å skape eit klasseskille, og mange er fortvila over kor dyrt det er. Det skal ikkje vere slik at det er foreldra si lommebok som avgjer om barna får vere med.

Det kan vi ikkje godta. Derfor har KrF fått gjennomslag for at alle barn og unge mellom 6 og 18 år skal få eit fritidskort, som kan hjelpe til med å betale for fritidsaktivitetar. KrF vil at kortet skal ha ein verdi på minimum kr 2000,- og at kommunen i tillegg kan auke beløpet på kortet. Aukra KrF ønskjer å følgje opp denne saka i neste kommunestyreperiode.

Eit slikt fritidskort skal vere med på å dekke faste, organiserte aktivitetar. Det å delta på organiserte fritidsaktivitetar er nemleg viktig for at alle barn skal få vere med og vere ein del av fellsskapet, bli rekna med og kjenne seg inkludert.

Å investere i barna er å investere i vår felles framtid. Ved å gje barn tilgang til fritidsaktivitetar, kan fleire få blomstrre og oppleve meistring. Dei blir ein del av fellesskapet, der dei kan bli sett og fulgt opp av trygge vaksne. Å vere med i fritidsaktivitetar frå tidleg alder  er med på å påverke helse og levealder seinare i livet. Å få med ungane på idrettsaktivitetar og andre kulturtilbod er viktig her og no, men og ei investering for framtida.

Med KrF sitt fritidskort gir vi barn og foreldre eit håndslag. Det vil føre til at færre barn føler seg utanfor og fleire blir inkludert. Det vil kunne gjere ein forskjell i mange barn sine liv.

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts meningsportal