LESERINNLEGG:

Ålesund- Molde til Nye Veier AS

Frank Sve  Foto: RICHARD NERGAARD

Meninger

Nye Veier AS bygger Ålesund -Molde, samanhengande, og ikkje «klattvis og delt». Det er openbart at bygging og planlegging av dei større vegprosjekta her i fylket, skal og må flyttast over til Nye Veier AS sin portefølje.

I Ålesund så skriker vegsystema etter behov for framdrift og handlekraft, og det meste av vegbygginga der står mildt sagt i stampe. STVV og kommunane der maktar ikkje å byggje ein meter med veg, i eit område som har vegsystem med døgntrafikk på både 10-20 og 30000 bilar.

Det meste ser ut til å dreie seg om ein gigantbypakke, der bompengar skal flå innbyggjarane og næringslivet, og som med ein kostnad på 4,5 milliard kr vart skrota av regjeringa. Seinare vart ein nedkutta plan godkjent med ein størrelse på ca 3 milliard.

No har «plutseleg» bypakken blitt over 6,5 milliard kr, som sjølvsagt får tommelen kontant ned av dei som må gjere dette, og vegbygginga er enda lengre vekk frå reell oppstart i mange, mange år framover.

Rett og slett greinaløyse, typisk Ålesund, blir aldri fornøgd, og framviser null handlekraft som = null vegbygging. Slik har det dessverre vore i tiår etter tiår, medan vi bygg veg, bruer og tunellar så det susar i resten av fylket.

Vi har svært viktige prosjekt som til dømes Veibustkrysset og Vegsund- Moa( Blindheim - Breivika ) som jaggu snart må kome ut av «dvalen» til STVV og Ålesund kommune. Kun ei løysing for å få bygd dette, få desse prosjekta milevis vek frå STVV og Ålesund kommune. Det same gjelder Brusdalen, Digerneset og vidare mot Sjøholt. Ørskogfjellet må få sine krabbefelt, likeeins skikkeleg veg til ferjeleiet. Ved fjordkryssinga av Romsdalsfjorden, må sjølvsagt dei landbaserte vegane byggjast før, eller minimum samtidig med sjølve kryssinga.

Alle forstår at dersom Møreaksen skulle bli bygd, kan ein ikkje setje trafikken frå dette gjennom dagens Molde by eller frå Vik og gjennom Vestnes. FrP ynskjer å utgreie flytebruer på både Møreaksen og utgreie Romsdalsaksen. Vi legg til grunn at Nye Veier AS kjem til å starte på dei landbaserte vegane, liten vits med firefelts veg over fjordane, dersom trafikken går i sneglefart imellom Ålesund og Vestnes.

Vi legg også til grunn at Nye Veier AS, klarer å forholde seg til innbyggjarane her i fylket på ein anstendig måte. Ikkje slik som vi ser STVV bedriv med for tida, dei opptrer ivertfall ikkje på vegner av folket. Dermed går vi utifrå at Nye Veier AS , kjem til å utrede Romsdalsaksen, som er eit kravet frå eit stort fleirtal her i fylket. Dette også i eit ledd til å kunne få kostnadane endå lågare ned.

Dei må sjølvsagt fylgje kva føringar som vert lagt i NTP, men den skal då totalrullerast i 2020/21, så kva resultatet vert her kan ingen vite. Eg trur flytebruer blir ein realitet i framtida, i dei fleste fjordkryssingsprosjekt. Dette er både best miljømessig, legger også til rette for gåande/syklande og er vesentlig tryggare og rimelegare å vedlikeholde.

Nye Veier AS har blitt ein suksess, og rapportene syner at dei bygg sine prosjekt minst 20% billigare enn Statens vegvesen. Dei bygg også sine prosjekt samanhengande, smartare, billigare, tryggare og med ny miljøteknologi. Vi ynskjer Nye Veier AS velkommen også til Møre og Romsdal, og håper dei får klarsignalet så raskt som råd frå regjeringa.

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook