«Denne gongen er det Aukra kommune sine eigedomsinntekter Jacobsen angriper»

Meninger

Bjørn Jacobsen (SV) er igjen bodbringar i sitt lesarinnlegg 5.oktober i Romsdals Budstikke. Denne gongen er det Aukra kommune sine eigedomsinntekter og bruken av dei Jacobsen angriper kommunen for.

Jacobsen velger kjente populistiske utbrot, ikledd ein konspiratorisk tone og framstilling i sitt innlegg, men påstandane hans vert ikkje meir etterrettelege og sannferdige for det. Heller tvert imot. 

Aukra kommunestyre vedtek  opprettinga og bruk av eigedomskatt i kommunen etter same lovgrunnlag og retningsliner som dei andre 25 kommunane som har innført eigedomsskatt   i Møre og Romsdal,  og som dei om lag 330 andre kommunane med slike inntekter i Noreg gjer det . Verre er det ikkje.

Det einaste uvanlege kommune gjer med sine eigedomsinntekter, er at Aukra kommune etter vedtak og inngått avtale, har bidratt med om lag 200 mill. kr til forhåpentlegvis gode tiltak i Molderegionen sine kommunar.

Bernhard Riksfjord,

ordførar, Aukra kommune


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook