«Statens Vegvesen har halvvegs sett si eiga Tresfjordbru!»

SKRIVER LESERINNLEGG: Bjørn Jacobsen, SV.  Foto: Per Tormod Nilsen

Meninger

Staten gjer føringar til alle sine verksemder og vesen. Klare føringar for å unngå konflikt med natur og friluftsmiljø. Dette følgjer no Statens Vegvesen Midt når dei no legg E 39 tilbake over Ørskogfjellet.

Klare føringar på at vegane skal utanom tettstader og byar. Statens Vegvesen Midt planlegg E 39 gjennom Molde og i realiteten antakeleg gjennom sentrum i Vestnes, Helland. Dette fordi den siste avgjersla om å legge vegen over Ørskogfjellet og er den siste som vil komme inn på nokke som helst budsjett.

Klare føringar for å planlegge billegare prosjekt. Alle har skjønt at å ruste opp vegen over Ørskogfjellet er betre og billegare enn å bygge ein ny veg over Ørskogfjellet. No skjønner også Statens Vegvesen Midt dette og sender ut ei pressemelding der dei til halvvegs skal ruste opp fylkets viktigaste veg – Eksportvegen. Men berre til det halve. Dei har sett seg så blind på Midsund sporet at dei skjer av midt oppe på fjellet og held ikkje fram til der trafikken i Møre og Romsdal går; over Tresfjordbrua.

At ein fagetat så til de grader overser og latar som at deira eiga bru, Tresfjordbrua ikkje eksisterer skremmer meg. Det vitnar om ein etat som ikkje er seg bevisst dei enorme kostnadane vi har i samferdsle. Tresfjordbrua kom til med lokale eldsjeler og dyktige politikarar som fann pengar på eit budsjett. Brua sin kapasitet er nytta i så liten grad at ho ligg der som ein ressurs. For dei lokale, for Eksportvegen og for framtidige oppgåver for samferdsle i heile fylket vårt og for E 39.

Kan vi håpe at dei som skal vere fagfolk også gjer gode råd til oss som meiner at 16 kilometer med tunnell under Romsdalsfjorden er galskap? Eller er dei berre fagetat for dei som sit med makta akkurat no? Eller berre fagetat for ein Mørebenk som berre seier at det er bestemt og elles er tause? Alle veit at ingen av slike prosjekt er bestemt før dei er inne i eit vedtatt statsbudsjett. Eg trur på eit fritt ordskifte der dei ulike alternativ får komme fram slik at vi politikarar har ein sjans til å fatte gode vedtak.

Etter mitt syn er Møreaksen og kampanjen for den delvis finansiert fram av Aukra Kommune med sine enorme eigedomsskatteinntekter som eigentleg skulle ha gått til skule og eldreomsorg i alle kommunar. Ikkje eit mediehus eller nokon annan har gått inn og grove fram informasjon om tilsette og honorerte, annonsekampanjar og all anna pengebruk Aukra Kommune har brukt som aktør i samferdslepolitikken. Og det er offentlege midlar som brukast til å kjempe mot andre aktørar som har mykje mindre midlar.

Dette samrøre som Statens Vegvesen Midt er med på gjer at dei bryt med nasjonal politikk gong etter gong. Vi ser eit Vegvesen som er til for dei som har pengar til å lobbe, dei som foreslår og tvinger fram bompengar, dei som ikkje bryr seg om trivsel og bustadmiljø. Eg seier ikkje at Vegvesenet gjer noko formelt ulovleg, men inntrykket er klart. Dei vil ikkje ha noko innblanding eller andre forslag og dei har i alle fall ikkje tenkt å hjelpe nokken med alternative forslag.

Vi ser eit Vegvesen som ikkje tek omsyn til trygg samferdsle for gåande og syklistar. Ikkje fordi at dei ikkje vil, men fordi dei er på lag med dei som vil bygge mest muleg bilveg. Etter prinsippet om at meir bilveg skal gje mindre trafikk.

Det er mykje betre å ta steget heilt ut og la Tresfjordbrua bli det navet i Møre og Romsdal ho allereie er. Med Romsdalsaksen på plass nyttar vi ressursane på ein god måte. Og han kan byggast i etappar.

Bjørn Jacobsen, SV


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook