«Ein epoke er over»

Meninger

«Faller psykiatriens murer?» spør Hans Petter Iversen ved Høgskolen i Molde i ein kronikk i Romsdals Budstikke 29. september. Bakgrunnen er tv-programmet NRK Møre og Romsdal har laga frå Oppdøl om rivinga av dei eldste bygningane ved sjukehuset der. Det er flott at programmet skaper engasjement og debatt om eit viktig og aktuelt tema i Noreg, og Iversen har utan tvil mange interessante refleksjonar om emnet som kunne vore verd eit program i seg sjølv!

Spørsmålet er likevel om han kritiserer oss for det vi faktisk laga, for målet vårt var ikkje å lage ein djuptgåande analyse verken av Oppdøls historie spesielt eller norsk psykiatrihistorie generelt. Det hadde neppe fått plass i ni minutt på tv!

Det vi derimot ønskte, var å lage eit lite portrett av dei eldste bygningane, få vite litt meir om kva som har skjedd på denne staden før husa blei jamna med jorda . Vi er sjølvsagt veldig klar over at vi berre fortalde litt, og det var difor viktig for oss at dei som var med i programmet hadde eigne opplevingar frå staden, at både det vonde og det gode, håpet og fortvilinga var ektefølt.

Vi var også i kontakt med andre som ikkje ønste å stå fram i samband med programmet. Minna var for vonde, temaet for tungt. Psykiatriens murar fall neppe då dei gamle bygningane på Oppdøl blei rivne, men synlege bevis på ei tid som var gjorde definitivt det. At denne tida inneheldt langt meir enn det er råd å få fram i eit enkelt tv-program, er vi difor ikkje usamd med Hans Petter Iversen om.

Hallstein Vemøy, distriktsredaktør NRK Møre og Romsdal