Kommunestyret tok bort det stygge då vi vedtok å fjerne Torgkiosken. Då vi fjerna parkeringsplassane. Også dei nyoppretta parkeringsplassane. Vi fjerna bilane. Bilfri sjøfront er første skritt for å legge til rette for barn i sentrum. Når bilane er borte skapes det rom for leik. Kjære småbarnsforeldre dere burde takke kommunestyret for å ha starta prosessen med å rydde plass for – Homo Ludens- det leikande menneske!

Med Sjøfronten og den nye kaia legg vi til rette for at folk skal kunne bruke dette området heilt ned til sjøen. Kommunestyret kan ikkje vedta aktiviteten på torget. Det arbeidet startar no og all aktivitet er sett på som eit gode. Så får vi sjå kva det vil sei for ulike installasjonar på torget.

Norges gjenreisingsarkitekt Sverre Pedersen har gitt Molde ei arv å ta vare på, men også ein god start for å få til eit sentrum der folk vil vere. Han ville jubla over det som skjer og gremmet seg litt over det som har vært gjort siste tiåra. Butikkane rundt torget har stengt igjen det som var av dørar ut mot torget. Kommunestyret kan ikkje vedta at dei skal opnas, det må dei finne ut av sjølv. Vi kan regulere sentrumsnære tomter til små leilegheiter og bygge dei sjølv eller få andre til å gjere det. For å få fleire til å bo tett på torget. Til det trengs det politisk mot.

Kommunestyret kan legge til rette for aktivitet gjennom å bygge nedre torg slik at all aktivitet blir muleg. Kva er så god aktivitet? Handel, bodar, folk som ventar på eller kjem av Hjertøybåten eller berre er på torget. Kommunestyret kan ikkje vedta aktivitetar, det må folk, næringsliv, bønder, fiskarar og organisasjonar finne på. Men vi må legge grunnlaget slik at det er teknisk muleg å ha eit stort arrangement der.

Vi må bygge slik at mengda av faste installasjonar blir minst muleg og ikkje til hinder for andre arrangement. Dotter mi og eg gjekk over Grand Place i Bryssel ein kveld og det myldra av liv av alle slag. Då vi etter nokre timar kom ut frå restauranten vi hadde spist på var Grand Place tom, mørk og mystisk. Fjorden og fjella i sør var ikkje der. Der mange torg er lukka vil vårt vere opent og spesielt for alle dei som kjem hit som turistar. Og går du heim frå kino ein novemberkveld skal det vere sjølvsagt at turen går over torget.

Mykje tyder på at byane våre ikkje kan konkurrere med kjøpesentra på kjøpesentra sine premisser; drive in and out. Kultur, kunst og opplevingar vil bli viktigare enn konsumisme framover. Torget blir viktig her i lag med dei andre kulturbygga vi har. Torget og Sjøfronten har den fordel at dei er for alle og ute, slik at vi verkeleg kan snakke om det offentlege rom der alt kan skje.

Er det muleg å få fiskehandlarane og fiskarane som sel nedanfor Molde Fjordstuer til å samlast på torget? Kan næringslivet være med å opne opp butikkane ut mot torget? Kan vi få til reell aktivitet på og rundt torget? Kan Hjertøybåten legge til sentralt? Er det muleg å få til nokke vakrare enn den grufulle hurtigbåtterminalen? Born treng leikeapparat, men dei er ikkje dummare enn at dei skjønner seg på ekte aktivitet.

Mange foreldre etterlyser leikeapparater til borna på torget. Eg trur det er for tidleg å montere opp faste leikeapparater som vi kjenner dei frå ordinære leikeplassar. Vi må bruke tid til å utforme torget i praksis og kanskje kan Molde gå framom med å eksperimentere med kva som er bra for born og foreldra deira på eit torg utan å lage installasjonar som kan hindre anna aktivitet. Eg er som kommunestyrerepresentant med på å vedta det meste om eg er sikker på at det gjør eit betre torg.

Folk trekker folk og kanskje finn moldensarane ein gong ut at skal ein vere urban ja så kan ein og vere det i Molde. Eg ser for meg at Jazzfestivalen, Skyhøyt og andre som vil lage rabalder også vil gjere det på torget. Sjøfronten har fått sitt første offer då mange band og musikkelskarar i Romsdal har mista si scene på Silver Fox music club. La oss håpe at kreativiteten er så stor i alle leire at reven kjem tilbake og at hjertet i byen slår for alle.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook