Frank Sve: – Kva er «fakta», Espeland?

Meninger

Harald Espeland i Møreaksen AS har eit utfall mot meg der han hevdar at det vert feilinformert om kostnadane ang kryssing av Romsdalsfjorden.

Angrep er som kjent det beste forsvar, som Espeland her forsøker å bruke.

Eg forheld meg til at den NTP, en som Espeland så klart viser til, seier eit tall på 37 milliard kr for Møreaksen.

Det er også kjend at sjølve fjordkryssinga ligg ann til å verte ca 14,5 milliard kr. Det er og kjend at STVV har tilrådd K3 sør om Møreaksen til 7,9 milliard kr i totalkostnad samt at det må byggast tunell i dette alternativet til ca 2 milliard kr frå Vik- til Tressfjordbrua som STVV galant unnlot å ta med.

Totalkostnaden ang dette er det den er, uansett om stykkvis bygging.

Nord om Møreaksen er grunntalla meir en 5 milliard kr, og i tråd med det vi har sett at STVV har vist fram sør om fjorden, tyder lite på at denne summen akkurat vert vesentlig redusert.

Samla vert dette ca 30 milliard kr.

I tillegg til dette har Oslo Economoc i eigen rapport lagt fram at vegprosjekta her i landet blir 40 % dyrare frå planleggingsstadiet til reelt oppstart. Dette gjelder sjølvsagt også for kryssing av Romsdalsfjorden, og som medfører at forventa kostnad ved byggestart kan verte omlag 40 milliard kr.

Dette er faktagrunnlaget både eg og andre faktisk må forholde oss til.

Så er det bra dersom Espeland arbeider for ytterlegare kutt i kostnadane til prosjektet, dette er sjølvsagt heilt nødvendig. Dette har også underteikna vore klar på, derfor har eg klart sagt at påkoblingsvegar på land må kraftig reduserast.

Så håpar eg at Espeland fortsetter å jobbe med sitt, istaden for å forsøke å angripe andre i denne saka.

Det er heller ikkje slik at eg ikkje kjenner til korleis NTP prosessen fungerer. Men Espeland skal ligge langt unna å forsøke å diktere korleis vi politikara og dei politiske partia arbeider med NTP.

Når NTP vert rullert inn mot 2021, så er det ikkje slik Espeland hevdar, at dette nærmast er en " liksom øvelse".

Rulleringa av NTP fram mot 2021, er sjølvsagt ein omfattande prosess, og med bakgrunn i at kryssinga av Romsdalsfjorden ligg inne kun frå 2024-2029, er det mykje arbeid som står igjen for å lose dette inn til plassering i ny NTP som gjer prosjekter i posisjon til byggestart samt fullfinansiering.

Harald Espeland skal nok "ete mykje graut" , før han kjem på same nivået som vi som faktisk har arbeidd med store veg prosjektet i mange år.

Vi veit at kostnadsutviklinga i slike prosjekt er krevjandes.

Til dømes var Røyr- Hellesylt prosjekter på eit økonomisk plannivå på omlag 550 mill kr ved oppstart fyrste byggesteg.

6-7 år etter vart totalkostnaden godt over 1 milliard kroner for dette prosjekter.

Med andre ord, kraftig kostnadsvekst.

Det samme har vi sett på Nordøyvegprosjektet som har hatt same utviklinga som stadfestar dette.

At Harald Espeland forsøker å unnlate å forhalde seg til dette, viser at han muligens ikkje har " store nok sko" til denne oppgåva.

Slik det ser ut no, tyder lite på at kryssing av Romsdalsfjorden er i gang før etter 2024 slik som NTP viser. Dette betyr at prosjektet får samme krevjandes kostnadsutvikling som alle andre prosjekt.

Dette er å " lure seg sjølv" dersom en ikkje har tenkt å ta dette inn over seg som ein realitet.

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook