Viser til leiaren som er sett på trykk den 13/4 i Romsdals budstikke.

Rett nok var det " fredag den 13" og såleis har det nok gått heilt i ball for leiaren i RB, men det får vere grenser for kva lavmål som kan lirast av seg av ein journalist.

-Denne leiaren er ett kraftig personangrep som eg sjeldan har sett maken til.

"Det er og eit kraftig angrep på alle dei tusenvis av innbyggjarar, og ei samla transportnæring som støttar ei utgreiing av Romsdalsaksen, og framviser ei regionsavis som direkte motarbeider demokratiske prinsipp i denne saka."

For det første, er det ei samla fylkestingsgruppe i FrP som står bak standpunktet om å kreve ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen.

Ferjefri E- 39 har vore ei viktig sak for partiet og er det fortsatt. Derimot er det faktisk ei oppgåve for eit parti, og for meg som politikar og faktisk vere ombudsmann for innbyggjarane og næringslivet i dette fylket.

At leiaren i RB meiner det er " greinalaus politikk" å faktisk lytte til innbyggjarane i heile fylket, får stå for Leiaren si rekning.

Eg registrerer ivertfall at RB meir er som eit " mikrofonstativ " til enkeltpersonar og Møreaksen, framfor å faktisk stille seg bak innbyggarane og vere ei fri og uavhengig presse.

Vi i Møre og Romsdal FrP velger å lytte til våre veljarar, og blandt anna ei samla transportnæring som krev Romsdalsaksen utbreidd.

Den dagen vi som politikara hever oss over innbyggarane, har vi utspelet vår rolle.

Teknologien har utvikla seg kraftig dei siste åra, og det er faktisk slik at det Statens vegvesen framførte ved å konkludere med at Flytebru på 3 kilometer over Romsdalsfjorden var uråd, faktisk no er tilrådd over Bjørnafjorden av det samme STVV, med både lenger bru og djupare fjord.

Dei andre negative påstandane ikring Romsdalsaksen er også no kvalitetsikra og tilbakevist i seinare tid.

- men, kvar i all verden er RB sin leiar i dette bildet? Kvar er den kritiske journalistiske engasjementet for ei regionsavis som openbart ser kva som har utvikla seg, og som faktisk skjer i grunnlaget for Møreaksen kontra Romsdslsaksen ?

Dette betyr samla at ein no kan konkludere med at Romsdalsaksen ER realistisk på lik linje med andre fjordkryssingar på E-39, og dette er viten som har tilkomme dei siste åra.

Ingen kunne konkludere med dette i 2016 slik RB sin leiar meinte eg burde gjere.

At Leiaren i RB meiner det er " greinalaus politikk" å kunne tilegne seg ny viten i eit prosjekt som skal bruke meir en 20 milliard kroner av skattebetalarane sine pengar, seier meir om eit " kompetanselaust journalistisk arbeide" som det slett ikkje står mykje respekt av.

Eg har brukt svært mykje tid på mange store samferdselsprosjekt her i fylket i mange år.

Som leiar av fylket si plannemnd for samferdselsbygging, har eg betydeleg viten og kompetanse ikring samferdselsprosjekt og løysingar som eg har tenkt å bruke, og slett ikkje " konservere" slik RB leiinga vell meiner eg burde.

Dei seinare åra har klart vist at ny viten, ny teknologi og det å kunne bruke dette, er svært viktig i store samferdselsprosjekt.

Nordøyvegen prosjektet viste det samme, at ein måtte evne å tilordne seg nye krav og såleis måtte bruke teknologiregisteret for å få dette prosjektet også på skinner.

Bruk av ny viten, ny teknologi og faktisk samtidig erkjenne at eit vegprosjekt er dynamisk og utviklar seg over tid, har eg uavhengig av kva RB sin leiar måtte meine, tenkt å bruke og leve opp til i framtida også.

Leiaren i RB skal heller ikkje bekymre seg over kva FrP i Møre og Romsdal skal meine om politiske saker i framtida.

Vi klarer godt å ta standpunkt i saker, men evnar også å endre meiningar og standpunkt når vi ser at det er grunnlag for det.

I saka ang ferjefri E-39 over Romsdalsfjorden, står NTP fast fram til neste rullering. Verken prioritet elle planframlegg økonomisk vert endra. Ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen rokkar ikkje ved dette, og dette burde faktisk også snart " slå inn " for leiinga i RB.

FrP i Møre og Romsdal har ikkje skifta standpunkt. Møreaksen står fortsatt inne i NTP.

Vi ønsker ei tilleggsutgreiing av Romsdslsaksen og når den er ferdig vil alle kunne endeleg ta stilling til kva fjordkryssingsalternativ over Romsdalsfjorden som er best, billegast og samfunnsmessig framtidsretta.

Ellers lever eg svært godt med " greinalause journalistar" og kjem ALDRI til å la meg forsøkt knebla av useriøs skittslenging som her er framført av det eg trudde var ei seriøs regionsavis.

Frank Sve, gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook