Rauma kommune har i lang tid vore sterkt opptekne av å profilere seg med svulstige slagord. « verdens beste, landets flotteste, tindehovudstad m.m. » er ting vi har høyrt ofte.

I desse dagar er det opninga av det nye helsehuset som får mest merksemd. At helsehuset er bra er sikkert alle samd om, sjølv om det manglar både legekontor og tannklinikk.

Men alt det nye og flotte som har kome i sentrum dei siste åra har ein pris. Den prisen må betalast av dei som må drive si verksemd og ha sin arbeidsdag i gamle og nedslitne bygg med ditto utstyr.

Elevar og tilsette ved Måndalen skule er av dei som er blitt prioritert bort så langt.

For få dagar sidan var eg innom eit lite selskap ved skulen, og eg vart såpass skuffa og forundra over det eg såg at eg tok eit bilete i «foajeen ved Måndalen skule».

Dette er ei skam for Rauma!

Torbjørn Bruaset

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Tobjørn Bruaset. Foto: Bjørn Brunvoll