I 2008 fekk viltnemnda i Aukra ei oppmoding frå Hydro om å fjerne rådyra som var innanfor gjerdet på Nyhamna. Viltnemnda engasjerte ekstra mannskapar og forsøkte først å jage dyra ut gjennom opne portar.

Då vart situasjonen ein heilt anna. Det inngjerda området vart no eit hegn, og skal ein ha ville dyr i hegn må det søkjast om. I 2012 vart Shell av viltnemnda gjort merksam på det ulovlege dyrehaldet og etter mykje om og men beslutta dei å ta ut alle dyra. Dei gjorde eit halvhjerta forsøk på dette etter eit mønster som viltnemnda var svært skeptisk til. Dei lukkast heller ikkje, og no, fem år etter er situasjonen den samme.

Hadde dei bedd viltnemnda om å gjere jobben, hadde det vore gjort på nokre dagar.

Om nokre månader ynglar rådyra igjen, og bestanden vert nær dobla. Men Shell lukkar berre augene for lovbrotet, og satsar tydeleg vis på at dei ikkje vert anmelde.

Tormod Skarsbø

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook