Vil ha kvinner

Fjord 1 MRF frir til damene på kvinnedagen.

  Foto: Kjell Langmyren

Vestnes

I samband med den internasjonale kvinnedagen, frir vi til kvinnene, seier Kurt Werner Holsæther i Fjord 1 MRF i ei pressemelding.

Og reklamerer for ferjer og ferjeselskapet som arbeidsplass.

- Vi vil gjerne ha fleire kvinner på ferjene. Vi har til ein kvar tid 3-6 stillingar ledige, og vi er alltid på jakt etter fleire dyktige kvinner. Det er positivt for miljøet og kompetansen, seier Holsæther.

Han trur få kvinner er klar over dei spennande mulegheitene som fins i maritime yrke, og kanskje spesielt innan ferjedrift. Her har ein mulegheit til å kombinere ein fantastisk spennande arbeidsplass med nærhet til heim og familie.
- Fleire jenter bør velje maritimt, seier han.

Ei av dei som har satsa maritimt er Trine Otterlei, overstyrmann på ferja Romsdalsfjord.

Ho begynte som matros i 1996, vart så styrmann og overstyrmann på ferja Romsdalsfjord.
Karriereveg i eit mannsdominert arbeidsmiljø har Ifølgje henne vore heilt problemfritt.

- Ein topp arbeidsplass! Her gjer vi ein jobb utan å tenke over at det er mann eller kvinne, det er heilt naturleg, seier Trine Otterlei til Rbnett.

Etter 16 års fartstid på ferje er ho stadig like fornøgd med jobb og arbeidsplass.

Og nøler ikkje med å anbefale andre kvinner jobb på ferje.

- Det er etter kvart fleire damer både i maskin og i styrhus, men vi kan gjerne bli fleire, seier ho. Og poengterer at i tillegg til ein givande jobb, er det praktisk å arbeide nær heimplassen.

- Jobb på ferje let seg greitt kombinere med barn og familie, sjølv om ein av og til er avhengig av at nokon stiller opp på heimebane på nattskifta. Men også som åleinemamma har dette gått veldig greitt, seier Otterlei.

Som elles skal bruke kvinnedagen i kommunestyret, der ho er kalla inn som vararepresentant.