Vestnes innfører eigedomsskatt?

Under valkampen i fjor lova dei politiske partia at det ikkje skal innførast eigedomsskatt i Vestnes. No kjem det forslag om å innføre eigedomsskatt.
Vestnes

I går ettermiddag hadde formannskapet i Vestnes møte. Der opplyste ordførar Øyvind Uren (Ap) at han vil innkalle Vestnes Arbeidarparti til medlemsmøte den 24. juni. Tema på dette møtet er: Korleis stiller medlemmane i Vestnes Arbeidarparti seg til å innføre eigedomsskatt. I programmet til Vestnes Ap står det nemleg nei til innføring av ein slik skatt i perioden 2007-11. Også andre parti må ta stilling til dette spørsmålet før den 26. juni, då Vestnes kommunestyre skal vedta kuttliste for å oppnå balanse i budsjettet. Dersom ingen ting blir gjort, kan det gå mot eit underskot på 15-20 millionar kroner. Årsakene er samansette og eintydig negative for kommunen.

Feil veg.

Vestnes kommune får mindre enn dei hadde venta frå staten gjennom revidert nasjonalbudsjett. Den kraftige auken i rentesatsen påfører Vestnes kommune tre millionar ekstra i utgifter i 2008. På drifta er det eit meirforbruk på fire millionar kroner, og lønsoppgjeret blir enda dyrare enn dei 11 millionar kronene som er avsett i budsjettet. På toppen av dette kjem eit elendig halvår for fondsinvesteringane på 150 millionar kroner. Her er det ført opp 11 millionar kroner i budsjettet, ved inngangen til mai viste resultatet minus 1,3 millionar. – Alt dette gjer at vi må legge vekk ostehøvelen og ta andre grep. Vi må både prøve å auke inntektene og kutte utgiftene. Det er her vi kanskje ikkje kjem utanom eigedomsskatt, uansett om vi lova å avvise eigedomsskatt i valkampen. Situasjonen er så dramatisk at noko må gjerast, sa ein alvorleg Øyvind Uren. Knut Flølo (Frp) foreslo innkjøpsstopp, investeringsstopp og tilsetjingsstopp. Berre i heilt spesielle tilfelle skal kommunen kunne tilsetje nye medarbeidarar. Då må formannskapet godkjenne det.

Gruppemøte.

Til budsjettbehandlinga før jul hadde administrasjonen foreslått eigedomsskatt. Administrasjonen åtvara samstundes mot for optimistisk inntektsanslag. Dette tok ikkje politikarane omsyn til, men no er det alvor. Førstkommande tirsdag har fleirtalsgrupperinga felles gruppemøte. Også partia i opposisjon skal diskutere situasjonen for å kome med sine forslag før kommunestyremøtet. – Utspelet ligg først og fremst hos fleirtalsgrupperinga. Det er dei som styrer kommunen, dei må også kome med konkrete kuttforslag, sa Jan Rune Jacobsen (H). – Det skal vi gjere, men det er ikkje lett. Legg vi ned Fiksdal skule, kjem det straks ein Montessori-skule der. Det løner seg heller ikkje å legge ned ungdomsskulen i Tresfjord. Sal av aksjane i Vestnes Energi AS kan bli vurdert igjen, men det er kontroversielt, seier Øyvind Uren. Vestnes kommune har søkt om status som omstillingskommune, men dette er ein prosess som kan ta fleire år. Utfordringa til Vestnes er at dei treng pengane no. Se flere nyheter fra Vestnes