Heime igjen etter 92 år

I 1916 bestilte Ole Håkonsholm frå Ulstein båt hos båtbyggar Jens K. Skorgenes i Vestnes. Det var bygg nummer 3 frå Skorgenes. No er båten tilbake der den vart bygd.
Vestnes

Båten med namnet "Peer Gynt" er gitt som gåve frå familien Håkonsholm til Båtbyggarmuseet i Vestnes, som har lova å ta vare på dette klenodiet av ein båt for framtida. På gamle fotografi ser vi ofte denne type båtar, men svært få av dei er bevart. Styreleiar Stig Holmstrøm i Båtbyggarmuseet er glad for gåva, og seier at båten vil bli ein viktig del av samlingane til museet. Tirsdag vart den dratt inn i det gamle materiallageret til tidlegare Skorgenes båtbyggeri, der den står saman med fleire andre historiske båtar. Totalt har museet 11 båtar. Historia bak den siste tilveksten i samlinga er både fascinerande og artig. – Båten vart kjøpt ny frå Jens K. Skorgenes i 1916 av min bestefar Ole Håkonsholm. Han var i det militære saman med Jens, det enda opp med att han bestilte dette skroget av han. Huset laga han sjølv og motoren sette han inn sjølv, då dette var faget hans. Han dreiv første den første slippen og smia i Ulstein kommune, fortel Ottar Håkonsholm.

Allsidig bruk.

Båten har berre hatt ein eigar. Det var første båten i sin storleik ute på holmane mellom Ulstein og Herøy. Båten er seks meter lang og tre meter brei. Den var utstyrt med ein American bensinmotor på fire hestekrefter. Båten fekk eit allsidig bruksområde. Den vart brukt til føring av alt frå doktor, jordmor og bryllupsgjester til frakt av likkister. I 1961 vart båten tatt ut av drift. Men den vart tatt vare på og plassert i eit tørt naust på Håkonsholmen. Der har den stått sidan. Motoren som har stått ombord, står igjen i smia med sprukken blokk. Framtida. Det var i samband med eit generasjonsskifte for overtaking av Håkonsholmen at spørsmålet om framtida til den gamle båten kom opp. Målet for eigaren var at denne kulturskatten av ein båt skulle bli tatt skikkeleg var på. Det var her ideen kom om å kontakte Båtbyggarmuseet, som arbeider for å dokumentere den unike båtbyggartradisjonen i kommunen. – Det er svært verdifullt for oss å få ein så gammal båt i så god stand. I går var eg i kontakt med båtbyggar Håvard Gjerde frå Tomrefjord, som no arbeider ved Fartyvernsenteret i Norheimsund. Han er fagmann på området, og vil gjere ei tilstandsvurdering av "Peer Gynt" med tanke på eventuell restaurering. Eit interessant poeng her er at Jens K. Skorgenes var oldefar til Håvard Gjerde, fortel Stig Holmstrøm.