Kulturpris til Kråkvikas venner

Formannskapet i Vestnes vedtok måndag at årets kulturpris skal gå til Kråkvikas venner.

Park: Frå opninga av Kråkvika Park ved Flatevågen på Vestnes. Dette har blitt eit nytt og populært tilbod sentralt i kommunen.   Foto: Olav Skjegstad

Vestnes

Kulturprisen er ein sjekk på kr. 10.000 og eit eige kulturprisdiplom. I grunngjevinga er det lagt vekt på Kråkvikas venner sin store innsats gjennom dugnadsarbeid over mange år ved Kråkvika friluftsområde, heiter det i ei pressemelding frå Vestnes kommune.

Kulturprisen vil bli markert og delt ut i samband med kommunestyret sitt siste møte før jul, torsdag den 12. desember.


Stort frammøte under opninga av Kråkvika Park

Planlegg alt nye tilbod

I strålande sommarvêr vart Kråkvika Park opna onsdag ettermiddag. Dette er blitt eit populært og nært turmål for folk i Vestnes.


Irene og Oddvar Skjegstad var forslagsstillarar med denne grunngjevinga:

«Vi vil nominere eldsjelene i Kråkvikas Venner til Kulturprisen for 2019. Grunnen til det er deira store innsats gjennom dugnadsarbeid over mange år ved Kråkvika friluftsområde.

Kråkvika friluftsområde har over tid blitt eit attraktivt og svært mykje nytta område for friluftsliv og rekreasjon for alle, både liten og stor, gamle og unge. Kort sagt, god trivsel og folkehelse – kvardagskultur på sitt beste.

Ein avgjerande faktor for dette er det frivillige arbeidet Kråkvikas Venner har utført for å halde vedlike og utvikle dei inversteringane som er gjort i området. Av eksempel på arbeid som gjer området til den perla det er, kan nemnast: Rydding av skog og kratt langs turstien og kontinuerleg vedlikehald av dette, vedlikehald av benkar, turstien m/bruer og gapahuk. Bygging av platting ved naustet og flytebrygge m.m. I sommar blei det nye parkområdet som er tilrettelagt for mange ulike aktivitetar, opna.

Kråkvikas Venner fortener stor takk og anerkjenning for innsatsen og også Vestnes kommune sin kulturpris.»

Ingen næringspris i år

Vestnes kommune kjem ikkje til å dele ut næringsprisen i år. Årsaka er at det det kom inn for få og for dårleg grunngjevne forslag, melder kommunen.

Formannskapet ønskjer å få framlagt ei sak om tildeling av næringspris og kulturpris.