Tomrefjord: Vik Huset AS har kjøpt det gamle bedehuset på Vik i Tomrefjord frå Vestnes MC-klubb. No blir det pubdrift og selskapslokale med opning kvar tredje eller fjerde helg, skriv Vestnesavisa. Det er Daniel Sundet, Erlend Søberg og Thomas Brastad som står bak.

Sakna samlingsstad

Skjenkeløyvet vart gitt av kommunestyret i møtet sist torsdag.

– Etter at Tomrefjord bowling vart lagt ned, har vi ikkje hatt ein lokal og sosial samlingsstad i Tomrefjord, seier dei nye pubvertane til Bygdebladet.

Opnar 16. mai

Målet er opning til 16. mai. Då håpar dei tre, som alle spelar 4.-divisjonsfotball for Tomrefjord, å gå rett frå lokaloppgjeret mot Vestnes Varfjell og ned til eigen pub.