Sæterøy ble ordfører i Sandøy

Avtalane var spikra og ingen braut ut. Hans Endre Sæterøy (H) er ny ordførar i Sandøy.

  Foto: Kjell Langmyren

Sandøy

Høgre var valvinnar i Sandøy, tett fulgt av Arbeiderpartiet, med Venstre som den tredje store gruppa. Og det er god tradisjon for at det største partiet får ordføraren. Det var heller ingen diskusjon om varaordføraren, som vart Eva Kristin Fjørtoft (V), for øvrig svigermor til ordføraren.

Valutfallet vart godkjent av det nye kommunestyret, der det er ni nye frå forrige periode. Det vart heller ingen overrasking under val av nytt formannskap, som vart gjort som avtaleval. Der sit Hans Endre Sæterøy og Andrine Finnøy fra Høgre, Sigmund Haugen og Stein Inge Skogen frå Arbeiderpartiet og Eva Kristin Fjørtoft frå KrF.